Tap heime mot Ranheim

I dag var me ikkje påskrudd når dommar bles i gong kampen

Først og fremst vil me takka for all støtta me fekk frå tribunen i dag, dokke er heilt fantastiske! Det var ingen tvil om at Tonje var komt tilbake frå ferie og stod med Juniorsvingen i dag! Tusen takk

So må me snakka om kampen, men der lèt me hovudtrenar Tore Andre Flo ta ordet:

"Me starta ikkje kampen heilt skjerpa, sjølv om me hadde ein ganske stor sjanse veldig tidleg så kjenner eg at fleire spelarar har mykje meir inne. I tilegg er det litt slurvete i pasningsspelet og me kom ikkje oss heilt forbi i 1 mot 1 situasjonar som me vanlegvis er veldig god på. Eg synest me speler oss opp ganske bra i 2 omgang, men det er alt for seint å spele sånn me vil vera frå start. Me tok tre byte på rappen for å setja inn friske bein og får å sjå om me klarte å røra opp litt i kampen, skapa eit nytt kampbilete med meir entusiasme rett og slett.

Det manglar dessverre eit mål litt tidlegare i kampen som kunne vore med å snu det slik me kunne i alle fall fått med oss 1 poeng. Det er skuffande å sitja igjen med null poeng og me veit me har ein del å gå på for å komma oss der me vil vere, og skaffa so mange poeng me kan utøver hausten. Det er framleis mange kampar igjen der me kjempar om 27 moglege poeng so me heng framleis godt med! Vi skapar mange sjansar og klarar å pressa Ranheim bakover når me fyrst er skrudd på, no handlar det berre å «sku på» spelarane frå start og finpussa på avslutningar."

B67I7074.jpg
No blir det analyse av kampen og finne ut korleis me skal sanke mest mogleg poeng i haust

Som Tore André påpeikar so er det mykje poeng att å spele om. 9 kampar og 27 poeng igjen gir oss fortsatt sjansar til å sparke frå oss og gi ein plass på topp. Neste kamp møter me Fredrikstad borte - Då treng me den fantastiske støtta frå tribuna slik me fekk i dag! Det er mange sogninger som har forflytta seg til østlandet, tar dokke turen og hjelp karane til å slå haust spøkelse? Me kjem med forsterkningar, då vi arrangerer funksjonærtur og sender bussar til plankebyen!


KAMPFAKTA:

► Mål: 0–1 Erik Tønne 23. min, 0–2 Mathias Emilsen 45. min, 1–2 Per-Egil Flo 90. min

► Gule kort: Daniel Arrocha, Sogndal, Sander Amble Haugen, Erik Tønne, Christian Eggen Rismark, John Hou Sæter, Ranheim

Sogndal (4–3–3): Renze Fij – Andreas Hoven, Andreas van der Spa, Per-Egil Flo, Martin Sjølstad – Kasper Skaanes, Isaac Twum (Daniel Arrocha frå 57.), Oskar Borgthorsson (Kristoffer Nessø frå 57.) – Jonatan Jonsson (Mansour Gueye frå 81.), Emanuel Grønner (Erik Flataker frå 57.), Sondre Ørjasæter

Ranheim (4–3–3): Nicklas Frenderup – Nikolai Skuseth, Christian Eggen Rismark, Lasse Qvigstad, Sander Amble Haugen – Ruben Alte, John Hou Sæter, Mathias Emilsen – Sivert Solli (Oliver Holden frå 65.), Arne Gunnes (Bendik Bye frå 56.), Erik Tønne


STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: