Tap i Fredrikstad

Det enda med nedtur og 2-1-tap i dagens kamp mot Fredrikstad. Sjølv om me tok leiinga i fyrsteomgang blei det ein tøff kamp mot eit godt heimelag.

Fredrikstad opna kampen med eit bra trøkk mot forsvaret vårt, men me stod i mot. Etter 8 minutt spelt kom leiarmålet i motsatt ende av bana. Ein corner frå Kristoffer Nessø vart klarert ut av feltet, men enda i beina på ein Sogndalspelar. Med mange spelarar i feltet fekk me spelt fri Valdimar Ingimundarson som piska ballen inn i boksen. Den gjekk via Philip Sandvik Aukland og i mål bak Håvar Jenssen i FFK-målet. 0-1 og ein god start på kampen. 

Etter scoringa skulle det bli tøft å stå i mot. Når det var spelt 30 minutt fekk Oscar Aga stå litt for aleine i boksen og heada inn 1-1. Utover omgangen var det fleire sjansar til begge lag, men ingen fann vegen til nettmaskene. 1-1 til pause.

I andreomgang var det igjen Fredrikstad som styrte mykje av spelet. Etter 53 minutt spelt fekk me ein god sjanse når Kasper Skaanes kom seg fri på venstresida. Han fann Jónatan Jónsson framfor mål, men avslutninga vart stoppa av Håvar Jenssen. Nesten 1-2.

Diverre var det bakover det neste målet skulle komme. Jóannes Bjartalid sitt frispark fann Philip Aukland som stanga ballen i mål. 2-1 etter ein periode med fleire sjansar i mot. På slutten av kampen klarte me å koma til fleire gode sjansar, men ingen av dei enda i mål. Det betyr 2-1 tap og ein tung tur heim igjen til Sogndal.

Hovudtrenar Tore André Flo oppsummerar kampen slik:
«Eg synest vi gjer ein del bra ting på ei vanskeleg bortebane, men vi er dessverre ikkje heilt gode nok i avgjerande situasjonar framfor begge måla. Vi startar bra og kjem oss tidleg i føringa, men klarar ikkje å halde på leiinga lenge nok. Andreomgang er jamn i starten, men vi slepp dei til litt for enkelt på ein dødball slik at vi kjem under 2-1. Den siste halvtimen er den beste delen av kampen vår, der vi ser kvikkare ut og spelar den fotballen vi veit vi kan. Vi skapar nokre gode moglegheiter til å utlikne, men vi får ikkje ballen i mål. Vi er skuffa over å ikkje få med oss poeng. Vi skal jobbe hardt vidare og kome oss ovenpå igjen og starte å vinne kampar!»

Me takkar alle som tok turen til Fredrikstad for å støtta oss! No rettar me fokuset mot neste helg når Åsane kjem til Fosshaugadn! Då skal me kjempa for nye poeng!

STAO NO PAO!

WhatsApp Image 2023-09-17 at 17.07.52.jpeg
Annonse fra Obos-ligaen: