Tap i Oslo: – Burde teke poeng
Det vart ingen poeng med heim frå Bislett, men Eirik Bakke gler seg over andreomgangen A-laget
Sogndal tapte 2-3 borte mot Lyn søndag ettermiddag, etter å ha lege under 0-3 til pause.
– Me fekk ein tung start på kampen med ei billig straffe imot og sjølvmål. Då blir det tungt. Me hang ikkje skikkeleg med i første omgang og var for dårlege med ball. Det var ikkje nok spelarar som var oppe på sitt vanlege nivå, seier Eirik Bakke, mellombels hovudtrenar.
I pausen la trenartemaet om til 5-3-2 og gjorde to byte. Det gav utteljing. Sogndal tok mykje meir initiativ i kampen, var betre med ball og skapte fleire sjansar.
Even Hovland reduserte først til 1-3, før Lyn sette ballen i eige mål like før slutt.
– Me fekk justert ein del i pausen. Eg elskar innstillinga gutane viser i andre omgang. Dei gøymer seg ikkje. Dei går ut og tek tak i kampen. Det er slik det må vere i Sogndal. Sjølv om det luggar litt før pause, burde me faktisk fått med oss poeng herfrå. Det er gale å seie det når du ligg under 0-3, men det dei legg ned i andre omgang gjer meg glad, seier Bakke.
– Det blei ikkje poeng i dag, men held me fram slik, blir det mange poeng framover, seier Bakke.
Neste kamp er heime mot Bryne søndag. Då blir det fanzone frå kl. 15.00 utanfor Campus med kjekke aktivitetar. Kampstart 17.00.
-
14Haruna
45'
-
18Hagen
78'
-
20Asp
85'
-
35Hillestad
45'
-
36Årøy
-
38Sundal
-
88Otieno
78'