Tap i Sandnes

Heimelaget vann 2-1 på Østerhus Arena

Kampen i Sandnes er over og det er ein skuffa gjeng som går inn i garderoben med null poeng.

Les fyldig kampreferat på Firdaliven

Heimelaget tok leiinga etter corner i første omgang, ein omgang der me ikkje var heilt framme i skoa.

Me kom mykje betre ut etter kvilen og utlikna ved Badou. Me bomma på straffespark der keeper gjekk veldig tidleg frå linja, og så gjekk det heilt gale mot slutten då me rota det til slik at Sandnes Ulf kunne setja inn 2-1 i pøsregnet på Østerhus Arena.

No må me berre nullstilla på vegen heim i morgon, og så skal Grorud få smaka på det neste helg!

Me takkar Sandnes Ulf for kampen, og ønskjer dei lukke til i innspurten av sesongen.


Sandnes Ulf – Sogndal 2–1 (1–0)

OBOS-ligaen, 27. serierunde, Øster Hus Arena, søndag 15. november

Mål: 1–0 Mads Berg Sande, 17. min, 1–1 Alioune Ndour 50. min, 2–1 Kent Håvard Eriksen 90. min

Gule kort: Chris Sleveland, Sandnes Ulf, Tomas Kristoffersen, Sivert Mannsverk, Tomas Totland, Daniel Eid, Sogndal

Domar: Svein Tore Sinnes, Flekkefjord FK

Tilskodarar:

Sandnes Ulf (3–5–2): Aslak Falch – Tord Salte, Espen Berger, Christian Landu Landu – Mads Berg Sande, Chris Sleveland, Adnan Hadzic, Magnus Grødem, Sander Ringberg – Jostein Ekeland (Andre Sødlund frå 46.), Kent Håvard Eriksen

Sogndal (3–4–3): Renze Fij – Axel Kryger, Igoh Ogbu, Martin Ove Roseth – Daniel Eid, Sivert Mannsverk, Tomas Kristoffersen (Kristoffer Hoven frå 46.), Tomas Totland – Alioune Ndour (Anders Nord frå 80.), Endre Kupen (Peter Godly Michael frå 71.), Mathias Blårud

Annonse fra Obos-ligaen: