Havila Bonabandi scora for Sogndal 2 mot Høyang

Tap i serieopninga mot Høyang

Sogndal 2 tapte serieopninga borte mot Høyang

Det var eit tøft møte med Kretsligaen 2024 for eit ungt Sogndal 2. Bortekampen mot Høyang enda med 2-1-tap etter at Høyang avgjorde kampen mot slutten.

Den fyrste omgangen byrja litt rotete, og truleg var det seriestarten som prega spelarane. Etter 25 minutt spelt var det heimelaget som tok leiinga. Daniel Skilbrei Aven satte Høyang sitt fyrste mål i årets sesong, og ga heimelaget ein god start på kampen.

Dette fekk våre gutar til å vakne, og fleire gode angrep kom raskt etter scoringa. Berre 3 minutt etter var utlikninga eit faktum. Viljar Stavø sprang seg fri på høgresida, og kom til innlegg. Inne i boksen venta Sander Sjøthun Heggestad, som fekk avslutta. Forsøket vart blokkert, og Havila Bonabandi satte returen sikkert i mål.


Etter scoringa kom det fleire gode moglegheiter for scoring. Viljar Stavø fekk eit mål annulert for offside, og Høyang-keeper Brage Bjørkhaug leverte også nokre gode redningar. Allikevel stod det 1-1 til pause

I andreomgang var det to lag som jakta den avgjerande scoringa. Til tross for mange store sjansar vart det ingen fleire scoringar for Sogndal 2. På den andre sida utnytta Høyang ein av sine sjansar, og satte inn den avgjerande scoringa etter 70 minutt spelt. Joakim Sjøthun Måren sikra 3 poeng for heimelaget, og feira framfor dei frammøtte på Sletta i Høyanger. 

Kretsligaen er endeleg i gang, og me gler oss til ein ny runde til helga! På søndag klokka 16:30 møter ein Studentspretten "borte" på Fosshaugadn. Kampen kan sjåast på Direktesport med abbonement på Sogn Avis!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: