Tap i treningskampen mot Hødd

Det enda med tap i dagens treningskamp

Eit ungt og nykomponert lag fekk prøve seg frå start i dagens kamp mot Hødd. Det enda til slutt med 1-2-tap etter at bortelaget scora 2 og Martin Høyland reduserte i andreomgang.

Allereie etter 6 minutt kom baklengsmålet når Isak Skotheim lobba ballen i mål etter eit flott angrep. Framover i bana fekk ein ikkje heilt til det ein ønskte, men unggutta fekk hauste gode erfaringar og kjenne på kvar nivået ligg i OBOS-ligaen. Emil Hillestad, f. 2009, fekk sin fyrste kamp frå start. Stopparmakkar Sander Granheim, f. 2007, leverte ein solid kamp og blir betre og betre for kvar kamp. 

I andreomgang kom også 0-2 før alle utespelarane utanom Sander Granheim vart bytt. Berre 5 minutt etter kom reduseringa etter eit flott skot frå Martin Høyland. Karadn spelte seg oppover på venstresida, og avslutninga frå Martin Sjølstad vart blokkert. Ballen enda i beina på Martin Høyland som banka ballen i mål frå utsida av 16-meteren.

Kampbiletet endra seg totalt, og karadn pressa på for ei utlikning resten av kampen. Til tross for store sjansar kom det aldri fleire scoringar og Hødd stikk av med sigeren i dag. Lukass Vapne fekk debuten sin i kvit drakt då han kom inn for Marius Årøy til pause. Vår nye midtbanespelar gjorde ein god figur og fekk vist fram delar av kvalitetane hans. Me gler oss til å sjå meir allereie i kampen på laurdag.

Lukass Vapne
Lukass Vapne debuterte for Sogndal mot Hødd

Det var kjekt å sjå at mange tok turen til Sognahallen i dag. No har me spelt siste heimekamp i oppkøyringa, og neste heimekamp er i 2. serierunde mot Aalesund! Me gler oss til å sjå dykk på Fosshaugane Campus, og karadn skal finpusse formen inn mot seriestart. Neste kamp spelast borte mot Aalesund på laurdag, og kampen blir vist på Sogn Avis!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: