Tap, men mykje positivt

Me tapte 2-1 mot Metalist, men har mykje å ta med oss frå kampen

Det enda med 2-1-tap mot ukrainske Metalist i dag. Etter ein god fyrsteomgang og leiing til pause snudde kampen med to straffespark i andreomgang.

I fyrsteomgang fekk me ein god start på kampen og klarte å skape fleire gode moglegheiter. Periodar med bra spel offensivt og god kontroll bakover gjorde at me etter 28 minutt kunne ta leiinga i kampen. Andreas Hoven spelte ut Edmund Baidoo til høgre, og fortsatte løpet sitt heilt fram. Her fekk han ballen tilbake på eit godt gjennomløp og la ballen inn framfor målet. Der venta Joakim Nundal og satte ballen i mål til 1-0. Det var også stillinga til pause.

I andreomgang blei det ingen fleire mål for oss, og Metalist fekk to straffespark som dei scora på. Det betyr 2-1-tap i den siste kampen her i Spania, sjølv om det er mykje positivt å ta med vidare. Under kan du sjå kampen i opptak.

No går turen heim til Norge i morgon tidleg. Det var alt for ein fin treningsleir i år. Tusen takk for oss Campoamor!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: