Tap mot Åsane

Heimelaget feira ny stadion med ein 1-0 siger

Det vart ikkje revansje for cuptapet for ei veke sidan for Eirik Bakke og karane då dei møtte Åsane i den 21. serierunden på Åsane Arena i kveld.

Heimelaget skåra tidleg i kampen, og drog i land ein 1-0 siger, trass i at me pressa på gjennom heile andre omgang.

Les om kampen i Sogn Avis

Her er TV-bileta frå kampen





Me snakka med Daniel Eid etter kampslutt

Les om kampen i Porten

På laurdag får me besøk av Jerv Karane treng støtta no i motgangen. Me håpar at det kjem ein god gjeng på kampen som startar klokka 15:00 og hjelper karane opp og fram. 
 

1U3A0053.JPG
1U3A0210.JPG
Tusen takk for fantastisk støtte i dag!!



Trass tapet, såg Eirik mykje positivt, spesielt i 2. omgang. 

 

Åsane – Sogndal 1–0 (1–0)

OBOS-ligaen, 21. serierunde, Åsane Arena, onsdag 29. september

Mål: 1–0 Ryan Doghman 17. min

Gule kort: Sondre Auklend, Åsane

Domar: Marius Lien, Fossum IF Skien

Tilskodarar: 1650

Åsane (4–2–3–1): Mark Jensen – Bjarte Haugsdal, Eirik Wollen Steen, Martin Ueland, Ryan Doghman – Stian Nygard, Didrik Fredriksen – Emil Kalsaas (Erlend Larsen frå 71.), Håkon Lorentzen, Sondre Auklend (Jonas Fredriksen frå 56.) – Joakim Hammersland (Geir André Herrem frå 81.)

Sogndal (3–4–3): Renze Fij – Tord Salte (Johan Bakke frå 46.), Eirik Lereng, Per-Egil Flo – Daniel Eid, Mathias Blårud, Axel Kryger (Endre Kupen frå 61.), Amin Nouri (Ronan Darcy frå 46.) – Andreas Hoven (Tobias Bjørnebye frå 80.), Jerome Akor Adams (Kristoffer Hoven frå 61.), Kristoffer Nessø

Annonse fra Obos-ligaen: