Tap mot Bryne: – Eg ser konturane av noko i laget

Trass i eit nytt tap fann Eirik Bakke fleire positive svar etter den jamne og tette kampen.

Sogndal tapte søndag kveld 0-2 mot Bryne på heimebane.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

– Det vart jo ein stillingskrig, som forventa eigentleg. Små marginar avgjer. Me hadde eit skot med Kasper i stolpen tidleg, og det kunne blitt eit litt anna kampbilete, seier Eirik Bakke.

I staden var det Bryne som tok leiinga etter eit velplassert skot frå hjørnet av 16-meteren. Bryne auka til 2-0 på ei kontring etter at Sogndalhadde kasta alt fram i jakta på utligning.

Likevel var det fleire ting Bakke likte.

– Eg tek med at me ser mykje betre ut defensivt. Strukturen ser mykje betre ut enn førre helg, og me er veldig konkurransedyktige i dag, føler eg. Det er sjølvsagt skuffande å tapa, men eg ser konturane av noko i laget.

– Likar godt Haruna som kjem inn og spelar godt. Solid kamp frå han. Emil (Hillestad) veks seg inn i kampen i ei rolle som han ikkje har spela før (vingback), og Ronney (Onyango) kjem inn der og er god i posisjonen sin. Han vil få meir speletid, seier Bakke.

Samtidig peikar Bakke på fleire område laget må utvikla.

– Me må bli betre med ball. Me har litt for mange balltap i første omgang. Me må jobba med det slik at me har kontroll på ballen og held på han lenger.

No rettar laget blikket mot neste oppgåve.

– Når Sandnes Ulf kjem, så må me opp i ringane att og byggja vidare på det me gjorde best i dag.

Asset 1 Asset 2
1
Jendal

4
Hovland
5
Granheim
Substituted out 83'
23
Barkarson
35
Hillestad
Substituted out 63'
14
Haruna

6
Høyland
Substituted out 63'
10
Skaanes
16
Vapne
19
Pippola

15
Helén
Innbytarar
20
Asp
Substituted in 63'
33
Madsen
36
Årøy
32
Øren
38
Sundal
30
Stavø
39
Flo
Substituted in 83'
2
Pires Brás
88
Otieno
Substituted in 63'
Innbytarar
  • 20
    Asp
    Substituted in 63'
  • 33
    Madsen
  • 36
    Årøy
  • 32
    Øren
  • 38
    Sundal
  • 30
    Stavø
  • 39
    Flo
    Substituted in 83'
  • 2
    Pires Brás
  • 88
    Otieno
    Substituted in 63'

Annonse fra Obos-ligaen: