Tap mot Grorud

Heimelaget vann 3-1 i Oslo



Det vart ein tung kveld i Groruddalen for Eirik Bakke sine menn.

Etter to strålande kampar skulle me ut mot eit nyopprykka lag som før kveldens kamp stod med null poeng. Då går det ofte feil veg i fotball, og det gjorde det for våre karar i denne kampen.

Me kom berre til nokre halvsjansar i første omgang, mens Renze Fij måtte i aksjon nokre gonger. Heimelaget skåra på straffespark slik at det stod 1-0 til pause.

Rett etter kvilen stanga Badou inn utlikninga, men dette var Grorud sin kamp, og dei skåra to til før domaren blåste av etter nitti minutt.

Les om kampen i Sogn Avis

Me gratulera Grorud med lagets aller første siger i OBOS-ligaen!

Les fyldig kampreferat på Firdaliven

Annonse fra Obos-ligaen: