Tap mot Kongsvinger
Sogndal tapte 1-5 borte mot Kongsvinger fredag kveld. A-laget
Det vart tøft borte mot topplaget Kongsvinger på Gjemselund fredag kveld.
– Eg er ikkje fornøgd med å tape 5–1. Me forsøker å ta dei høgt, men dei får litt for enkle mål. Me blir rett og slett kontra i senk, og dei leia 3–0 før det hadde gått eit kvarter. Då blir det tungt, seier Even Hovland.
Sogndal hadde mykje ball og forsøkte seg med eit høgt press. Men me vart straffa knallhardt på kontringar. Tre baklengsmål på dei tre første skota imot er tungt.
Even Hovland reduserte til 1–3 med sitt første mål etter comebacket i kvitt og svart. Like etter fekk Tuomas Pippola ei stor moglegheit til å redusere til 2–3, men ei god redning frå heimelaget sin målvakt hindra det.
I staden auka Kongsvinger til 4–1. Etter pausen fastsette dei sluttresultatet til 5–1.
No tek me ferie. Me ladar batteria og kjem tilbake for fullt i andre halvdel av sesongen. Me veit kva som bur i laget.
– Me har hatt ei hektisk veke, og me sit att med tre poeng av seks moglege. No får me lade batteria før haustsesongen, og då må me vera klare, sier Hovland.
-
2Pires Brás
53'
-
20Asp
74'
-
24Bieszczad
-
35Hillestad
53'
-
36Årøy
89'
-
39Flo
53'