
Tap mot Kristiansund
Reiser tomhendte heim etter ein god bortekamp
Det vart 2-1 i dagens oppgjer mellom Kristiansund og Sogndal. Stillinga til pause var 1-0 til heimelaget. Kristoffer Nessø utlikna eit stykke ut i andre omgang, men Kristiansund kom tilbake og innkasserte med det tre poeng.
Les om kampen i Sogn Avis
Trenar Tore André Flo måtte gå ombord i bussen utan poeng i dag.
- Det var bittert å tapa, me spelte ein god kamp mot eit bra lag. Me hadde nok sjansar til at me faktisk kunne vinna denne kampen med betre utteljing, seier Tore til Terje Teigen etter kampen. Han og kameramann Håvard Flo kombinerte bortetur med besøk hjå partnarar i dag.
- I begge boksane er dei litt kvassare enn oss, og det kosta oss poenga i dag, held Flo fram.
Trass 2-1 i mot, har me all grunn til å trekkja ut positive ting frå denne kampen.
- Me gjorde ein god kamp og fortset me slik vil denne gjengen ta mykje poeng framover, seier Tore, som lot seg irritera kraftig over at domaren lot heimelaget dra ut tida og at han óg stoppa spelet ved eit høve der me hadde ein god overgang.
Karane stod på og viste bra spel, og me kom til fleire gode sjansar. gjennom kampen.
- Me skal ta med oss masse positivt frå denne kampen, og me skal vera meir kyniske i begge boksane når Raufoss kjem til oss på laurdag, avsluttar Tore André Flo før han stig ufortent tomhendt ombord i bussen.
Les fyldig kampreferat på Firdaliven
Kristiansund – Sogndal 2–1 (1–0)
OBOS-ligaen, 5. serierunde, Nordmøre stadion, onsdag 3. mai
Mål: 1–0 Mikkel Rakneberg 34. min, 1–1 Kristoffer Nessø 74. min, 2–1 Sander Kartum 80. min
Gule kort: Martin Sjølstad, Sogndal
Domar: Mathias Støfringshaug, Verdal IL
Tilskodarar:
Kristiansund (3–5–2): Sean McDermot – Dan Peter Ulvestad, Sebastian Jarl, Max Williamsen (Andreas Hopmark frå 66.) – Sondre Nilsen, Sander Kartum, Jesper Isaksen (Elias Myrlid frå 84.), Mikkel Rakneberg, Mikkel Ceide – Torgil Gjertsen (Oskar Sivertsen frå 90.), Benjamin Stokke
Sogndal (4–3–3): Renze Fij – Andreas Hoven, Mansour Gueye, Daniel Arrocha, Martin Sjølstad (Per-Egil Flo frå 90.) – Valdimar Ingimundarson, Isaac Twum, Kristoffer Nessø (Andreas van der Spa frå 84.) – Jonatan Jonsson, Erik Flataker (Alejandro Diaz frå 66.), Sondre Ørjasæter
På laurdag får me sjansen til å reisa kjerringa. Då kjem Raufoss til oss. Avspark er klokka 15:00 og me håpar at du kjem for å støtta karane.
Tusen takk til dei som reiste heilt i frå Sogn for å heia på oss i dag!
Billett til kampen mot Raufoss kan kjøpast her
