Sjå samandrag: Tap mot Lyn
Tap i årets første heimekamp. A-laget Video
Sogndal tapte 0–3 mot Lyn i den andre serierunden på Fosshaugane Campus. Gjestene var effektive i første omgang og gjekk til pause med 3-0.
– Førsteomgangen er ganske jamn. Me har mykje ball og kjem til nokre gode sjansar, men me skårar ikkje på dei. Motstandaren har fem skot og skårar på tre av dei. Det er sjølvsagt krevjande for oss. Me går i garderoben med tre mål i mot, sjølv om det ikkje har vore ein 0–3-kamp, seier hovudtrenar Luis Pimenta.
Lyn tok leiinga etter 14 minutt då Andreas Hellum sette ballen i mål. Same mann dobla leiinga åtte minutt seinare, før Anders Bjørntvedt Olsen auka til 3–0 like før pause. Sogndal sleit med å få utteljing på eigne periodar i kampen.
Etter kvilen fekk me betre kontroll på spelet og skapte fleire situasjonar rundt Lyn-boksen, men utan å få utteljing. Gjestene forsvarte seg godt og heldt unna, slik at resultatet stod seg kampen ut.
– Me går ut i andre omgang med ingenting å tape og tek større risiko. Me skapar nokre gode sjansar. Hadde me sett nokre av dei tidleg i andre omgang, kunne det gitt oss momentum og gitt supportarane litt glede. Når det ikkje skjer, blir det tungt, seier Pimenta.
Dermed står Sogndal utan poeng etter to serierundar.
No handlar det om å jobbe vidare, vise karakter og slå tilbake i dei komande kampane.
– No startar me med 0–7 etter to kampar. No handlar det om å reise til Marienlyst, banen til den største favoritten, og vise at me har personlegdom til å spele kampen slik han er – utan å tenkje på starten som har vore, seier Pimenta.
Kampfakta
Sogndal – Lyn 0–3 (0–3)
Fosshaugane Campus, 1607 tilskuere
Dommer: Mohammad Hafezi
Mål:
0–1 Andreas Hellum (14)
0–2 Andreas Hellum (22)
0–3 Anders Bjørntvedt Olsen (40)
Gult kort: Kasper Skaanes (45), William Sell (56), Fallou Sock (76).
Laget: Lars Jendal – Diogo Brás (Mathias Øren frå 45), Sander Granheim, Even Hovland, Atli Barkarson – Martin Høyland (Tuomas Pippola frå 33), Lukass Vapne (Vegard Hagen frå 64), Fábio Sturgeon (Onni Helén frå 64), Kasper Skaanes – Oliver Hintsa, Sebastian Pedersen
Lyn: Alexander Pedersen – Sander Amble Haugen, William Sell, Ådne Midtskogen, Herman Solberg Nilsen, Herman Solberg Nilsen - Didrik Fredriksen (William Wæhler frå 81), Eron Isufi (Isak Vik frå 34), Julius Skaug (Isaac Monglo frå 81) – Mathias Johansen (Ibrahim Sawaneh frå 70), Andreas Hellum (Fallou Sock frå 70), Anders Bjørntvedt Olsen.
Statistikk
Ballbesittelse: 56%-44%
Skud på mål: 7-9