Tap mot Lyn etter krigekamp

Lyn avgjorde til sin fordel med scoring i andreomgang

Det vart ein skikkeleg krigekamp på Bislett i dag. Ei dårleg grasmatte gjorde det vanskeleg for begge lag å spele, men heimelaget var best i boksane og avgjorde til sin fordel. Lyn tek 3 poeng, og karadn reiser tomhendt heim til Sogndal.

Sebastian Pedersen gav oss ein flott start på kampen med eit nydeleg mål. Martin Sjølstad vann ballen høgt i bana og fann Oliver Hintsa på 16 meter. Svensken la ballen fint ned til Sebastian Pedersen som banka til på halv volley. Spissen fekk stjernetreff og ballen suste rett i krysset til 0-1. 

Etter 38 minutt var det Lyn sin tur til å dra fram ei kunstscoring. Andreas Hellum dempa ballen ned til seg sjølv og dunka inn ein flott volley til 1-1. Det var også stillinga til pause. Same mann vart avgjerande for Lyn etter pause. Med 10 minutt igjen på klokka var han best i boksen og stanga inn vinnarmålet etter eit innlegg frå venstre.

Det gjekk diverre ikkje vegen i dag, men det er framleis vidope i toppen av OBOS-ligaen. På søndag ventar Kongsvinger på Fosshaugadn, og me jaktar 3 poeng!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: