Tap mot Sandnes Ulf

Energifattig på Fosshaugane i kveld

Det vart ingen kjekk kveld på Fosshaugane for karane til Eirik Bakke. Bortelaget netta to gonger, me ingen og Sandnes Ulf tek med seg tre poeng heimatt til Rogaland.



Les fyldig kampreferat på Firdaliven

Det var ein jamn førsteomgang der ingen av laga spelte seg fram til dei store sjansane, og laga gjekk til pause på stillinga 0-0.

Seks minutt etter kvilen skåra Sandnes Ulf på frispark der ballen gjekk stang-inn. Det gjekk nye elleve minutt, så skåra bortelaget etter hjørnespark.

Me fekk nokre sjansar mot slutten av kampen, der Badou skaut knallhardt i tverra, men alt i alt var ikke dette vår kveld på Fosshaugane.

Me snakka med ein skuffa trenar etter kampslutt


Om ei veke skal me møta KFUM i Oslo.

Annonse fra Obos-ligaen: