
Tap på Gjemselund
Tap på Gjemselund etter ein blytung fyrsteomgang A-laget
Det vart ein tøff kamp i solsteiken på Gjemselund i dag. Heimelaget var klart best før pausen, og det stod 3-0 på tavla halvvegs. I andreomgang kom karadn tilbake til 3-2, men Kongsvinger avgjorde på overtid.
Det vart ein brutal start på kampen, og heimelaget satte oss under press frå fyrste sekund. Sjølv om karadn også kom til nokre gode moglegheiter var det heimelaget som scora fyrst etter 14 minutt. Det vart dobla til 2-0 i det 37 minutt og på overtid av omgangen kom også det tredje. Ingen god omgang av karadn, og eit vanskeleg utgangspunkt før andreomgang.
Etter pause var det eit heilt anna lag som kom på bana, og allereie etter 51 minutt kom reduseringa. Lukass Vapne fann nettmaskene og håpet var tent. Same mann prøvde seg igjen berre nokre få minutt etter. Skotet gjekk i stolpen, via ryggen til keeper og i mål! Det stod 3-2 på tavla, og no var det verkeleg håp om poeng.
Mot slutten av omgangen satsa ein alt framover for å få med seg eit poeng frå Gjemselund, og då fekk Kongsvinger gode angrepsforhold. På overtid satte dei inn 4-2, og kampen var avgjort. Det enda diverre med 0 poeng på ein dårleg dag, men me kjem sterkare attende.
Tusen takk for fantastisk støtte på tribuna! Både Saftkokaradn og dei andre bortesupportarane kunne høyrast gjennom heile kampen! Allereie på onsdag ventar ein ny bortekamp, og me håpar å sjå dykk der. Skeid er motstandar i Oslo, onsdag kl. 19:00!
STAO NO PAO!