Tap på Høddvoll

Trøkket i andreomgang vart ikkje nok til å sikre poeng

Den fyrste omgangen på Høddvoll var det heimelaget som var best, og til pause stod det 1-0. Etter pause jakta karadn utlikninga, men det enda til slutt 2-1 til Hødd.

Før pause var det heimelaget som var best, og energien og tempoet var ikkje heilt slik me har blitt vant med frå karadn. Etter 21 minutt spelt kom målet i mot, og ein klarte ikkje å skape store nok sjansar til å score på Hødd. 

I pausen vart det gjort endringar, og friske bein fekk fart på angrepsspelet. Jacob Flaten var endeleg tilbake frå skade og skapte mykje problem for heimelaget. Til tross for at ein hadde mykje ball vart det få gode avslutningar. Då vart ein istaden straffa i motsett ende, og Hødd auka til 2-0.

Eit lite håp var det framleis, og når Martin Sjølstad stanga inn eit innlegg frå Kasper Skaanes, fekk ein blod på tann. Diverre kom det aldri fleire scoringar, og me reiser tomhendt heim frå Ulsteinvik i dag.

Tusen takk til alle bortesupportarar som tok turen for å støtte oss i dag. Støtta frå dykk betyr mykje, og me skulle så gjerne gitt dykk eit betre resultat! Allereie fredag 16. mai skal me slå tilbake! Åsane og Eirik Bakke kjem på besøk til Fosshaugadn, og me jaktar 3 poeng!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO! 

Annonse fra Obos-ligaen: