
Tap på overtid mot Tromsø
Eit ungt lag leverte bra og spelte jamnt med Eliteserielaget Tromsø A-laget
Tromsø gav oss god kamp i dagens treningskamp. Etter at Erik Flataker sendte oss i føringa utlikna Tromsø før pause. I kampens siste sekund avgjorde dei kampen mot eit ungt Sogndallag.
Laget som starta dagens kamp bestod blant anna av Daniel Sætren, Mathias Øren, Erik Flataker, og Joakim Nundal. Dei er alle unge spelarar frå Sogn og Fjordane og viktige brikker i troppen. Tromsø byrja kampen best, utan at nokre av laga skapte nokre store sjansar. Utover omgangen fekk begge lag nokre gode moglegheiter, men det var våre gutar som skulle få den fyrste scoringa.
Etter 37 minutt spelt pressa Joakim Nundal og Oliver Hintsa høgt på Tromsø sin keeper. Det gjorde dei godt, og Hintsa fekk tak i ballen og sendte den inn i feltet mot Erik Flataker. Spissen vart felt og dommaren peika på straffemerket. Flataker tok straffa sjølv og satte den sikkert i mål til 1-0-leiing.
På overtid av fyrsteomgang utlikna Tromsø til 1-1. Eit innlegg frå venstre gjekk over heile feltet og landa på bakerste stolpe. Der kom høgreback Leo Cornic skliande og satte ballen i mål bak Daniel Sætren.
Etter pause var det Tromsø som var det førande laget. Daniel Sætren leverte mange gode redningar og stod ein flott kamp mellom stengene. Utover omgangen gjennomførte begge lag fleire byter, og lokale spelarar som Kristian Kongelf, Sander Granheim, Andreas Kalstad og Marius Årøy var alle blant innbyttarane som også avslutta kampen. Unggutta stod bra mot Eliteseriemotstand og fekk jobba godt med strukturen. På overtid av omgangen kom allikevel Tromsø sitt andre mål, og det enda diverre med tap heilt på tampen.
Kampen vart ei god gjennomkøyring, og karadn blir betre og betre for kvar dag som går. Ekstra kjekt er det at så mange unge og lokale spelarar er involvert og får teste seg mot god motstand. Neste treningskamp spelast mot ukrainske Kryvbas onsdag 12. februar.
STAO NO PAO!