Tap mot Lillestrøm

Sognahallen: 1-4 vart resultatet i treningskampen Sogndal vs. Lillestrøm

Ein jamnspelt fotballkamp der resultatet vart prega av ein del unge byter i 2.omgang.

Det var ikkje ufortent at det stod 0-1 etter 45 minutter til Lillestrøm. Det meste som vart skapt stod Lillestrøm for, og etter 35 min sette Erling Knutdzon ballen i mål bak Omenås.

Sogndal gjer tre byter i pausen, der to av bytene markerer seg kjapt. Sixten slår ein flott tversoverpasning som Bye kan breiside i ope mål, 1-1.

_MG_1957
Bendik scora Sogndal sitt mål i dagens treningskamp. Foto: Toril Walker Norheim



Sogndal gjer fire byter til, og i frå 70 min og ut er det eit ungt mannskap me har på bana. Kampen endar 1-4.

Byter Sogndal:
Hovland ut - Sixten Dalen Jensen inn (45)
Brændsrød ut - Bye inn (45)
Schulze ut - Soltvedt inn (45)
Mandic ut - Helgesen inn (60)
Hove ut - Eirik Læreng inn (65)
Fredriksen ut -  Adrian Solberg (65)
Flo ut - Sundberg inn (70)

Mål:
0-1 Erling Knutdzon
1-1 Bendik Bye
1-2 Bruno
1-3 Charles Ezeh
1-4 Charles Ezeh

Her er dei elleve som starta kampen:
Tarjei Omenås - Akeem Latifu (treningsopphald), Even Hovland, Per Magnus Steiring, Tomas Totland - Stanisa Mandic, Johan Hove, Ulrik Fredriksen, Eirik Schulze - Ulrik Flo (treningsopphald) og Markus Brændsrød.

Benken:
Kristian Rutlin, Joachim Soltvedt, Sixten Dalen Jensen (Sogndal 2), Bendik Bye, Adrian Solberg (Sogndal 2), Mathias Sundberg (Sogndal 2), Eivind Helgesen (Sogndal 2), Anders Nord (Sogndal 2) og Eirik Læreng (Sogndal 2).

Annonse fra Obos-ligaen: