Tapte mot Kåffa

Det vart 3-2 til KFUM Oslo i dag

Me fekk ikkje den kjekkaste opplevinga i dagens kamp mot KFUM.

Det kunne blitt riktig stygt  om kampen hadde halde fram slik den såg ut etter ein halvtime. Då hadde heimelaget putta tre ballar i garnet bak Renze Fij, og det såg ikkje ut som om karane var tilstades. 

– Me var heilt ute av det den første halvtimen. Me klarte ikkje å koma oss på beina att før dei kom att gong etter gong, sa Tore André Flo til Sogn Avis etter kampen

Han rosar óg laget sitt for at dei slo tilbake, og fortel at han er glad for at dei klarte å laga ein kamp ut av det til siste slutt.

– Det var ikkje lett slik situasjonen var, så det var veldig positivt.

Etter eit fantastisk frisparkmål av Andreas Van der Spa og nokre justeringar undervegs, slo me litt tilbake og kampen vart open då Jónatan Jónsson reduserte, til 3-2 på måltavla eit stykke ut i 2. omgang. Det heldt ikkje heilt inn denne gang slik at tre poeng vart att på Ekebergsletta.



– Det vart ein vanskeleg kamp i dag. Me fekk ein tøff start og klarte ikkje å reise oss, sa trenar Tore André Flo til Porten etter kampslutt.

KFUM Oslo – Sogndal 3–2 (3–1)

OBOS-ligaen, 12. serierunde, KFUM-Arena, søndag 3. juli

Mål: 1–0 Dadi Gaye 3. min, 2–0 Simen Hestnes 21. min, 3–0 Petter Dahl 28. min, 3–1 Andreas van der Spa 40. min, 3–2 Jonatan Jonsson (61. min)

Gule kort: Emanuel Grønner, Valdimar Ingimundarson, Sogndal

Domar: Jan Morten Tennøy, Nore Neset IL

Tilskodarar: 754

KFUM Oslo (3–4–3): Mats Viken – Aaron Olsen, Fredrik Dahl, Jørgen Hammer – Dadi Gaye, Robin Rasch, Simen Hestnes, Håkon Hoseth – Petter Dahl, Filip Delaveris, Håkon Stavrum

Sogndal (4–4–2): Renze Fij – Axel Kryger, Andreas van der Spa, Eirik Lereng (Mansour Gueye frå 46.), Hordur Gunnarsson – Jonatan Jonsson, Valdimar Ingimundarson (Mathias Blårud frå 85.), Ulrik Mathisen, Kristoffer Nessø (Erik Flataker frå 62.) - Emanuel Grønner (Endre Kupen frå 62.), Peter Godly Michael (Sondre Ørjasæter frå 46.)

Annonse fra Obos-ligaen: