Tapte mot Raufoss

Trenar Bakke såg mykje positivt frå ein ung gjeng

Det vart 3-4 i dagens treningskamp mot Raufoss på Fosshaugane Campus. Stillinga til pause var 1-0 til heimelaget etter at Iver Skorve skåra i sin første kamp frå start.

Me hadde mange spelarar ute i denne kampen, medan unge spelarar fekk sjansen. Også Filip Mardal starta kampen, og ungguten kvitterte med flott skåring tidleg i 2. omgang.

På stillinga 2-0 vart det gjort eindel byter og Raufoss kom inn att i kampen, og på stillinga 2-4 fastsette Mathias Sundberg sluttresultatet til 3-4 heilt i sluttfasen av kampen.

Les om kampen i Sogn Avis

Trenar Eirik Bakke såg meir bak resultatet etter kampen, og var veldig nøgd med dagens treningsøkt.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Godta informasjonskapslar for å sjå video


Me snakka med Mathias Blårud og kaptein Axel Kryger etter kampslutt.

Les om kampen i Porten

I dag starta me med dette laget:
Morice Mbaye – Axel Kryger, Mansour Gueye, Martin Ove Roseth – Daniel Eid, Mathias Blårud, Tobias Bjørnebye, Iver Skorve – Filip Mardal, Endre Kupen, Andreas Hoven

På benken hadde me Mathias Sundberg, Noah Solskjær, Kristoffer Nessø, Eirik Lereng, Vegar Halseth, Erik Flataker, Henrik Sperrevik ogJørgen Johnsen. Alle fekk speletid.

I morgon er det restitusjonsøkt for karane, og etter litt fri ser me inn mot kampen på laurdag klokka 14:00. Då kjem både Espen Olsen og Kjetil Rekdal, og resten av dei grønkvite HamKam-gutane.

Annonse fra Obos-ligaen: