Tarjei har signert

Tarjei Aase Omenås blir Sogndal-spelar ut 2017-sesongen

Sogndal Fotball og Strømmen IF vart i dag einige om ein overgang for keeper Tarjei Aase Omenås (f. 02.02.1992).  Tarjei kjem opprinneleg frå Ålesund.

Den 190 cm høge keeperen sin ungdomsklubb er Herd. No vert han Sogndal-spelar ut 2017-sesongen.

Tarjei reiste til Oslo som 17-åring, og debuterte for Lyn i Tippeligaen i 2009. Etter dette har han vore innom Skeid og Hønefoss, og i fjor spelte han under Espen Olsen i Strømmen.

- Tarjei er ein fantastisk fin gut og ein god keeper! fortel Espen, som altså nok ein gong ser ein av sine elevar gå til gamleklubben. Frå før har me henta Martin Ramsland og Eirik Schulze (Eirik via Sandnes Ulf).

- Eg tenkjer at Tarjei har eit stort potensiale, og han er ung. Han vil ha godt av å kome til ein klubb som Sogndal, der han får ein god treningskvardag med Terje Skjeldestad og kompani, held Olsen fram.

- Når ein ser at fjoråret var det første året der Tarjei var førstekeeper, leverte han til meir enn godkjent. Eg er strålande nøgd med innsatsen hans hjå oss, avsluttar Olsen.

24 obligatoriske kampar spelte han under Espen Olsen i Strømmen.

Tarjei har spelt på Fosshaugane tidlegare óg. Han vakta buret i cupkampen der me rauk ut av NM i 2015, Hønefoss vann 2-1. Me tok ein kjekk revansje i oktober same året. Det var Tarjei som stod i mål under opprykkskampen vår på Hønefoss.

Keepertrenar Terje Skjeldestad er glad for at den siste brikka i keepergruppa er på plass att etter at Stefan Hagerup reiste til Ull/Kisa

- No er keeperteamet komplett og gutta er allereie igang med å pushe kvarandre i treningskvardagen, fortel Terje.

- Me er glade for at det løyste seg så kjapt etter at Stefan reiste. No skal keeperane få jobbe knallhardt utover og utfordre kvarandre, so skal dette bli veldig bra. Eg ser fram til å få jobba med Tarjei, avsluttar ein smilande Terje Skjeldestad.

Velkomen til Sogndal, Tarjei!

Annonse fra Obos-ligaen: