
Terje Skjeldestad er med i støtteapparatet til kvinnelandslaget!
Tidlegare i september vart det nye støtteapparatet til kvinnelandslaget klart. Leif Gunnar Smerud får med seg Ingvild Stensland, Bård Homstøl, Jon Knudsen og vår eigen Terje Skjeldestad i det sportslege apparatet.
Landslaget skal spela Nations League mot Austerrike på Ullevaal Stadion 22. september og Portugal på bortebane 26. september. Terje Skjeldestad har vore involvert i landslagsfotballen tidlegare som ein del av støtteapparatet til Smerud på U21.
- Me har ikkje mange dagane på oss før me skal møte Austerrike og Portugal i Nations League. Difor har det vore ekstra viktig for meg å byggje vidare på det teamet som har vore med og samtidig få på plass trenarar som kjenner min måte å jobbe på frå tidlegare. Saman skal me bruke dagane inn mot samlinga godt. Eg ser fram til å byggje vidare på den norske tradisjonen med sterke kollektiv som grunnmur, samtidig som me har eit klart mål om å nytte den råe individuelle spisskompetansen som me har i dette laget. No er støtteapparatet på plass, og eg har tru på at me saman med spelarane skal klare å løfte prestasjonane våre framover, seier Leif Gunnar Smerud til fotball.no
Terje er på samling no, men me fekk ein liten prat med han:
- Eg vart kontakta av Leif Gunnar etter at han fekk rolla som midlertidig landslagssjef. Han ønska å ha meg med i trenarteamet som assistenttrenar. Sidan me har jobba i lag i over 10 år med U21 landslaget var dette ei fin moglegheit, fortel Terje.
Kva rolle får du på landslaget?
- Eg vil vera ein assistent for Leif Gunnar. Det betyr at eg er med på samlingar, hjelper til i planlegging av treningar og har litt oppgåver på treningsfeltet. Saman med resten av teamet er jobben å tilretteleggja best mogleg for at laget kan prestera.
Kva betydning får dette for arbeidet ditt i Sogndal?
- Det vil ikkje få nokon negativ verknad på den jobben. Tore André og teamet har god kontroll på det sportslege i kvardagen. Det er heller ikkje noko nytt at både eg og andre har hatt roller i NFF samtidig som oppgåver i klubb. Etter koronapandemien fekk me også mange digitale løysingar som gjer jobben enklare. Eg får gjort den same jobben sjølv om eg er på samling. Ein må også nemne at det er viktig for Sogndal Fotball å ta desse moglegheitene. Det gjer inspirasjon og gode referansar som me tek med oss tilbake til klubb. Slik kan me sørga for at me heile tida klarar å utvikle oss og henta erfaring frå høgt internasjonalt nivå.
Dagleg leiar Lars-Olav Hausberg understøttar det Terje seier.
- Når førespurnad frå Terje kom til klubben om å ta del i trenarteamet til kvinnelandslaget var me veldig klar på at dette er i tråd med ynskjet og strategien til klubben. Det er ekstra kjekt at nettopp kvinnelandslaget er arenaen Terje får prøvd seg på denne gongen, med tanke på klubben sitt engasjement i «Jenter Vil Mer» prosjektet saman med Brann, Arna Bjørnar og Sparebanken Vest. Det at Terje no får høsta erfaring på høgste nivå i norsk kvinnefotball håpar me og å ta med oss i prosjektet og ikkje minst i arbeidet med å gje jentene like moglegheiter som gutane og i eigen klubb framover, seier Hausberg.
Rolla er i utgangspunktet gjeldande ut 2023.
Me ønskjer Terje og resten av kvinnelandslaget masse lykke til!
STAO NO PAO!