Terje Skjeldestad gir seg som sportssjef

Terje har valt å tre til side frå rolla som sportssjef i Sogndal Fotball.

Etter fem år som sportssjef i Sogndal Fotball har Terje Skjeldestad valt å tre til side frå rolla. Initiativet til endringa har kome frå Terje sjølv. 

– Dette er ei avgjerd som har vakse fram gjennom ein prosess over tid. Alt har si tid, og etter grundige vurderingar kjenner eg at dette er den rette løysinga – både for meg sjølv og for klubben. Eg har hatt fine år som sportssjef i Sogndal Fotball, og er takksam for tilliten, samarbeidet og opplevingane eg har fått vere ein del av. Samtidig kjenner eg at eg er klar for nye utfordringar, og at det kan vere sunt med nye perspektiv inn i den sportslege leiinga. Det viktigaste for meg har heile vegen vore å gjere det som er best for klubben, seier Skjeldestad.

Betydd mykje

Framover vil Terje halde fram dialogen med konstituert dagleg leiar Ingrid Narum og klubben om kva oppgåver som kan vere aktuelle for han på kort sikt. Samtidig vil han og klubben i fellesskap bruke hausten til å avklare kva som blir den beste løysinga vidare. 

– Terje har betydd mykje for klubben gjennom mange år. Han har vore open og ryddig gjennom prosessen, og dette er ei avgjerd som har vakse fram over tid. No respekterer me ønskje hans om å tre til side frå rolla som sportssjef, og skal bruke tida framover til gode samtalar om vegen vidare. Det viktigaste for oss er å finne ei løysing som er god både for Terje og for klubben, seier Ingrid Narum, konstituert dagleg leiar. 

Ros frå kapteinen 

Terje har vore ein viktig bidragsytar for klubben over mange år og har lagt ned eit stort arbeid for utviklinga av både laget og den sportslege verksemda i klubben. 

– Eg ønskjer å takke Terje for innsatsen han har lagt ned i rolla som sportssjef. Terje har gjort ein utruleg god jobb for klubben gjennom mange år i ulike roller. Han er ein person som har vigd store delar av livet sitt til Sogndal Fotball og alltid gjort det beste for klubben, seier kaptein Even Hovland.

Klubben takkar Terje for innsatsen som sportssjef og ser fram til den vidare dialogen om vegen vidare.

Klubben vil inntil vidare løyse oppgåvene til rolla som sportssjef gjennom eksisterande ressursar, medan hausten blir brukt til å gjere nødvendige avklaringar om den framtidige sportslege organiseringa.

Me vil kome tilbake med meir informasjon seinare.

Annonse fra Obos-ligaen: