Terje Skjeldestad klar for Strømsgodset
Etter 33 år i Sogndal Fotball tek Terje Skjeldestad fatt på nye utfordringar. Frå nyttår blir han trenarutviklar i Strømsgodset.
Frå nyttår byrjar Terje Skjeldestad i jobben som trenarutviklar i Strømsgodset. Det betyr at ein lang karriere i Sogndal Fotball er over.
– Eg har vore i klubben i veldig mange år, så dette er sjølvsagt veldig spesielt for meg. Men alt til si tid. Eg ser på det som veldig spennande å prøve noko nytt, og går til dette med friskt mot, seier Terje Skjeldestad.
Etter fem år som sportssjef i Sogndal Fotball valte Terje i sommar å tre til side frå rolla. Sidan den gong har Terje utført avtalte oppdrag og prosjektarbeid for klubben.
– I samråd med klubben har eg fått bruke hausten på å lande litt etter så mange år. Det vil eg gjerne takke klubben for. No blir det spennande å prøve noko nytt. Eg trur det blir bra for alle, seier Terje.
– Terje har vore ein sentral del av Sogndal Fotball gjennom 33 år, som spelar, trenar og leiar. Han har vist eit stort engasjement for klubben og lagt ned ein betydeleg innsats over mange år. Me vil takke han for alt han har bidrege med, og ønskjer han lukke til vidare, seier Ingrid Narum, dagleg leiar.
Trenar: Terje Skjeldestad
33 år i klubben
Terje kom til Sogndal frå Kaupanger i 1993 og utvikla seg til å bli ein solid og renommert sisteskanse både i eliteserien og 1. divisjon. I 2004 fekk han også tre landskampar for Noreg, medan han framleis spelte i den svarte og kvite drakta.
Skjeldestad står med over 400 kampar for Sogndal og vart verande i klubben som spelar fram til han la opp i 2010.
Etter spelarkarrieren har han hatt ei rekkje sentrale roller i klubben. Han har vore keepertrenar, assistenttrenar, utviklingssjef og sportssjef.
Gjennom meir enn tre tiår har Terje vore ein viktig bidragsytar til både spelarutviklinga og det sportslege arbeidet i Sogndal Fotball.

Fire opprykk
Når Terje ser tilbake på åra i Sogndal, er det særleg opprykka som står att som høgdepunkt.
– Eg var så heldig å få vere med på fire opprykk. To som spelar og to som trenar. Det er ingenting som kjennest så godt som å rykkje opp med ein god gjeng som ein har stått saman med gjennom gråvêrsdagane.
Han legg ikkje skjul på at det også har vore krevjande periodar.
– Fotball er mest gråvêrsdagar. Eg har fått vere med på mange gode stunder, men også mange tyngre. Det er fotball. Det går opp og ned, som elles i livet.
Frå Hafslo til Campus
Mykje har endra seg sidan Terje kom til klubben i 1993. Han trekkjer fram utviklinga av Sogndal Fotball og alle menneska han har møtt på vegen.
– Me drog til Hafslo for å trene på ettermiddagen. Utviklinga fram til i dag har vore utruleg. Det har skjedd ufatteleg mykje på dei åra eg har vore her.
– Eg vil takke alle eg har spelt med og blitt kjend med gjennom åra i Sogndal. Det har vore utruleg mange fine folk. Eg har representert klubben i så mange år, og det er eg både stolt og audmjuk over. Eg vil også takke den eldre generasjonen for måten dei har lagt til rette for oss og følgt oss opp gjennom åra, seier Terje.
Sogndal Fotball takkar Terje for innsatsen og engasjementet han har lagt ned gjennom 33 år i klubben.
Me ønskjer han lukke til med nye utfordringar i Strømsgodset.
Stao pao vidare, Terje!
