Terminlista er klar - Desse laga møter me i OBOS-ligaen 2025!

No er terminlista klar og me gler oss til sesongen byrjar!

Terminlista er klar, og me ser fram til mange spennande og tette kampar i 2025! 

I fyrste serierunde møter me Start på bortebane. Kampen spelast måndag 31. mars kl. 19:00. Luis Pimenta sin fyrste offisielle kamp blir altså mot Azar Karadas og tøff motstand på Sør Arena. I vår fyrste heimekamp for sesongen møter me Kjetil Rekdal og Aalesund. Det er berre å rydde plass i kalendaren laurdag 5. april kl. 16:00. Dette blir ein spennande sesongstart!

På fotballens nasjonaldag er det klart for eit heftig oppgjer på Fosshaugadn! Fredag 16. mai kjem Åsane og Eirik Bakke til Sogndal. Det er duka for ein skikkeleg festdag med duellar både på bana og på sidelinja! Me håpar å sjå dykk på Fosshaugadn!

Lerum Cup i juni betyr alltid publikumsfest og fullsatt Fosshaugadn! I år tek me i mot Lyn til kamp laurdag 21. juni og håpar å gjenskape festen frå i fjor. Kongsvinger fekk kjenne på krafta frå fullsatt stadion og me tok 3 poeng!

Andre kampar me ser ekstra fram til er:

  • Sogndal - Odd, måndag 28. april
  • Hødd - Sogndal, måndag 12. mai
  • Sogndal - Hødd, onsdag 13. august
  • Åsane - Sogndal, laurdag 30. august
  • Sogndal - Lillestrøm, laurdag 13. september

Og sjølvsagt mange fleire!!!

Les heile terminlista her!

No gler me oss veldig til ein ny sesong, og me håpar å sjå dykk på Fosshaugadn i 2025! Bli med oss på laget!

Kjøp sesongkort her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: