Thea og Johan til EM

EM startar neste veke i Tsjekkia og Kroatia

Fredag drog Thea Bjelde og J17 jentene til Tsjekkia, og på måndag sluttar Johan Hove seg til G17 gutta som har teke turen til Kroatia. Felles for dei to unge sogndølene er at dei skal spele eit sluttspel i EM.

Thea og Johan gjekk i same klasse på barneskulen, og i intervjuet under fortel unge Hove at 2000-gjengen med fotballglade gutar og jenter har forma begge som fotballspelarar.


Thea og jentene er først ut. På tysdag klokka 11.00 møter dei Nederland. Seinare skal de ut mot Irland og England.

Johan og gutta startar sitt EM på torsdag. I den første kampen møter dei England. Avspark er klokka 14.00. Dei skal óg møta Nederland og Ukraina.

Den norske troppen i EM (Foto: Thomas Brekke Sæteren, NFF)

Les meir om J17.
Les meir om G17.

Thea og Johan har lagt ned mange timar med hardt arbeid i Sognahallen, både med eigentrening, gjennom SogndalAkademiet og organisert lagspel, og har fortent denne opplevinga det er å spela eit EM-sluttspel.

Sogndal Fotball er veldig stolte over desse to flotte representantane for bygdi, og ønskjer dei mykje lukke til!

Ta med troféet heim, Thea og Johan!

Annonse fra Obos-ligaen: