Tilsvar frå Sogndal Fotball

Tilsvar frå Sogndal Fotball vedrørande Daniel Sætrens sitt intervju med Sogn Avis.

I eit intervju med Sogn Avis publisert 24. juni fortel vår talentfulle keeper, Daniel Sætren (20), om korleis han har opplevd det siste året i Sogndal Fotball.

Sætren gir sitt syn på sportslege vurderingar, treningskvardagen og manglande kommunikasjon. Han fortel mellom anna at han har kjent på utfrysing, og at han måtte ta kontakt med advokat for å få den treningskvardagen han meiner å ha rett på.

Advokaten til Sætren har understreka overfor klubben at all kommunikasjon med Daniel skal gå via advokaten, men etter intervjuet i Sogn Avis ønskjer klubben å uttale seg.

Det er leit at Daniel har opplevd det vanskeleg med kommunikasjon og miljø innad i klubben. Slik ønskjer me ikkje at klubben vår skal vere, og me ønskjer å beklage til Daniel.  

Me følgjer no opp tilbakemeldingane frå Daniel og dei tilbakemeldingane me fekk frå resten av spelargruppa via kapteinsteamet førre onsdag, for å sørge for at både kommunikasjonen og miljøet i klubben blir betre.  

Dette er ein pågåande prosess, som me også oppdaterte spelarane om på spelarmøtet i dag.

Alle spelarane i klubben blir vurdert fortløpande inn mot laguttak ut frå ei samla sportsleg vurdering frå kamp til kamp. Trenarteamet har gjort løpande vurderingar av Daniel på lik linje med dei andre spelarane.

I den aktuelle perioden har andre spelarar vorte prioriterte ut frå ei samla sportsleg vurdering av form, prestasjonar, utviklingsbehov, treningskvardag og laget sine behov.

Daniel har deltatt i det daglege opplegget rundt A-laget med trening på stor bane, individuell oppfølging frå keepertrenar og oppfølging frå trenarteamet.

Med tanke på Daniel si vidare utvikling har det vore eit ønskje frå både klubben og Daniel om å få til eit utlån, som sikrar ein god kamparena med verdifull speletid.

Dessverre har dette ikkje lukkast enno. Me var i dialog med Kjelsås, men forhandlingane om ein avtale stranda grunna økonomi.

Når det gjeld Sogndal 2, har klubben òg ein keeper som inngår i eit utviklingsløp der kamparena på dette nivået blir vurdert som viktig. Vidare meldte klubben inn tropp før sesongstart, og utover dette disponerer klubben tre frie plassar for a-lagsspelarar innanfor gjeldande regelverk. For vårsesongen er desse nytta.

Denne veka er Daniel på besøk hjå Lysekloster med tanke på eit utlån. Daniel er ein fin gut me er glad i og eit keepertalent som me ønskjer skal få fortsette si sportslege utvikling, sjølv om han per dags dato ikkje er førsteval i klubben.

Ingrid Narum, konstituert dagleg leiar

Annonse fra Obos-ligaen: