Tilsvar frå Sogndal Fotball
Tilsvar frå Sogndal Fotball vedrørande mediahenvendelser fredag 11. september.
Sogndal Fotball, ved dagleg leiar Ingrid Narum, har følgjande tilsvar:
«Sogndal Fotball vedtok tidlegare å gjennomføre eksterne undersøkingar på bakgrunn av mottekne bekymringsmeldingar og interne undersøkingar knytte til hovudtrenar Luis Pimenta.
Dei eksterne undersøkingane er gjennomførte i tråd med Advokatforeininga sine retningslinjer for ekstern gransking, med bistand frå arbeidsrettsadvokatar med særleg kompetanse og erfaring frå slikt arbeid. Rapporten og konklusjonane frå undersøkingane blir ikkje kommenterte, då dette er personalsaker som gjeld interne forhold.
Sogndal Fotball avslutta arbeidsforholdet med Luis Pimenta 07.09.2026. Etter grundige vurderingar fekk Pimenta avskil frå arbeidsforholdet sitt. Klubben og våre juridiske rådgjevarar er tydelege på at det ligg føre både faktisk og rettsleg grunnlag for dette. Saka følgjer dei alminnelege arbeidsrettslege reglane. Klubben kommenterer ikkje personalsaker i media, verken når det gjeld Pimenta eller andre tilsette.»
Advokat Erik Flågan i Svensson Nøkleby Advokatfirma, bistår Sogndal Fotball saman med advokat Ronny van der Meij i saka. Han seier dette:
«Sogndal Fotball gav hovudtrenar Luis Pimenta avskil i arbeidsforholdet den 07.09.2026. Det blir stadfesta at Pimenta har fremja krav om forhandlingar. Dette var venta og følgjer av rettane hans etter arbeidsmiljølova».
Det er heller ikkje uvanleg at ein arbeidstakar som får avskil, er usamd i at det ligg føre grunnlag for dette. Sogndal Fotball har gjennomført svært grundige prosessar med både eksterne granskingar og sjølvstendige vurderingar av den aktuelle saka før avgjerda om avskil vart fatta og meddelt Pimenta. Etter vår vurdering ligg det føre både faktisk og rettsleg grunnlag for å avslutte arbeidsforholdet ved bruk av avskilsinstituttet.
Grunnlaget for avskilen vil bli lagt fram for domstolane når den tid kjem, og vi har ingen kommentarar til dei påstandane som vert fremja av Pimenta og advokaten hans på noverande tidspunkt.»
Klubben vil ikkje kome med ytterlegare uttalelser.
Eventuelle ytterlegare spørsmål bes rettast til advokat Erik Flågan, tlf. 922 00 571, e-post: [email protected].