Tine Fotballskule

I veka etter skuleslutt vert det Tine Fotballskule i Sogndal!

I veka etter skuleslutt (21 -25 juni -veke 25) arrangerer Sogndal Fotball i samarbeid med Tine, fotballskule for gutar og jenter fødde 2009-2015.

Det vert aktivitet mandag til fredag frå klokka 10.00 -14.00. Deltakarane kan, på eige ansvar, vere i Sognahallen frå klokka 09.00 til treningsstart alle dagar.

Prisen for fotballskulen er kr 990,-.  

Inkludert i prisen er Tine sekk, Umbro-ball, t-skjorte og diplom. Hugs eigen matpakke, drikke til lunsj er inkludert. Veka vert avslutta med grilling ilag med A-lagsspelarar og instruktørar.

Fotballskuleveka startar mandag 21 Juni med registrering og utdeling av utstyr frå klokka 09.00 i Sognahallen.

Tysdag til fredag er det oppmøte i Sognahallen klokka 09.45. Det er viktig at deltakarane tek med seg utdelt ball alle dagar, samt drikkeflaske og nistepakke. Henting 14.00 i Sognahallen. 

Det er 130 plasser tilgjengeleg

Påmelding trykk her

Søskenrabatt: - 20% 

Instruktørar for fotballskulen vil i hovudsak bestå av trenarar frå SogndalAkademiet, spelarar frå a-laget og Sogndal 2. Me skal læra mykje, men fyst og fremst skal me ha det frykteleg moro saman. 

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: