Tine Fotballskule 2017

Sogndal Fotball arrangerer i år to veker med Tine fotballskule

Tine Fotballskule går snart av stabelen igjen, og me gjer oss klar til å ta i mot spelarar fødd i 2006 til 2010.

Det er 130 plassar tilgjengeleg i veke 25, og i veke 33 er det 80 plassar til disposisjon. Det kan vere lurt å vere ut i god tid, då det i fjor vart fullbooka tidleg i juni.

Annonse:

Veke 25: for spelarar fødd i måndag 19.juni til fredag 23.juni (frå 10:00-14:00 kvar dag) - Pris kr 1 000.

Veke 33: måndag 14.august til torsdag 17.august (frå 10:00-14.00 kvar dag) - Pris kr 800.

Klikk her for påmelding

Ein klassisk dag hjå oss:
10:00-11:30 Fotballøkt 1
11:30-12:15 Lunsj
12:15-13:55 Fotballøkt 2
13:45-14:00 Samling i sirkelen og info om neste dag

PS: Me kjem til å leggja inn alternative aktivitetar som rebusløp og idrettsdag for å skape variasjon og allsidigheit i fotballskule veka.

Instruktørar under årets Tine Fotballskule vil vera trenarar og spelarar frå kubb.

Betaling:
Me har kortterminal tilgjengeleg ved registrering. Ein kan også få tilsendt faktura ved å fylle ut fakturaadresse i påmeldingsskjema, eller ved registrering.

Syskenmoderasjon: 20 % for barn nr.2 og 40% for barn nr.3 og fleire.

Inkludert i prisen:
Utstyr frå Tine (sekk, t-skjorte)
Umbro ball
Billett til ein valfri heimekamp med Sogndal Fotball
Drikke til lunsj kvar dag
Grillmat siste dag

Praktisk informasjon:

1.Tine Fotballskule startar måndag med registrering og utdeling av utstyr frå klokka 09:00 i Sognahallen.

2.Tysdag til fredag er det oppmøte i Sognahallen klokka 09:50.

3. Deltakarane kan på eige ansvar, vere i Sognahallen frå klokka 09.00 til treningsstart alle dagar. 

4. Henting mellom klokka 13:55-14:15 i Sognahallen. Ansvarleg frå Sogndal Fotball vil vere i hallen til 14:30 kvar dag det er fotballskule.

5. Fotballøktene vil vere i Sognahallen, Fosshaugane Campus og på Kvåle Stadion.

6. Det er viktig at deltakarane tek med seg utdelt ball alle dagar, samt drikkeflaske og nistepakke (utanom grilldagen)

Klikk her for påmelding

Ta kontakt med Marius Kloster ved spørsmål kring Tine Fotballskule: [email protected]

Annonse fra Obos-ligaen: