Tine Fotballskule i haustferien

I veke 41 blir det fotballskule for gutar og jenter fødde 2009-2013

I haustferien (veke 41) arrangerer Sogndal Fotball i samarbeid med Tine, fotballskule for gutar og jenter fødde 2009-2013. Det vert aktivitet mandag til fredag frå klokka 10.00 -14.00.

Deltakarane kan, på eige ansvar, vere i Sognahallen frå klokka 09.00 til treningsstart alle dagar.

Prisen for fotballskulen er kr 1050,-.  Inkludert i prisen er Tine-sekk,t-skjorte og Umbro-ball.
Hugs eigen matpakke, drikke til lunsj er inkludert.

Veka vert avslutta med grilling i lag med A-laget. 

Fotballskuleveka startar mandag 5. okt med registrering og utdeling av utstyr frå klokka 09.00 i Sognahallen. Tysdag til fredag er det oppmøte i Sognahallen klokka 09.45.

Det er viktig at deltakarane tek med seg utdelt ball alle dagar, samt drikkeflaske og nistepakke. Henting 14.00 i Sognahallen. 

Det er 130 plasser tilgjengeleg og for påmelding trykkar du her

Instruktørar for fotballskulen vil i hovudsak bestå av trenarar frå SogndalAkademiet, spelarar frå a-laget og Sogndal 2. Me skal læra mykje, men fyrst å fremst skal me ha det mykje moro saman. 

Søskenrabatt: - 20% 

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: