Tine Fotballskule i veka før skulestart!

I veke 33 skjer det i Sognahallen!

I veka før skulestart (10-14 Aug -veke 33), arrangerer Sogndal Fotball i samarbeid med Tine fotballskule for gutar og jenter fødde 2009-2013.

Det vert aktivitet mandag til fredag frå klokka 10.00 -14.00. Deltakarane kan, på eige ansvar, vere i Sognahallen frå klokka 09.00 til treningsstart alle dagar.

Prisen for fotballskulen er kr 1050,-.  

Inkludert i prisen er Tine sekk, Umbro-ball, t-skjorte og diplom. Hugs eigen matpakke, drikke til lunsj er inkludert. Veka vert avslutta med grilling ilag med A-laget. 

Fotballskuleveka startar mandag 10 Aug med registrering og utdeling av utstyr frå klokka 09.00 i Sognahallen.

Tysdag til fredag er det oppmøte i Sognahallen klokka 09.45. Det er viktig at deltakarane tek med seg utdelt ball alle dagar, samt drikkeflaske og nistepakke. Henting 14.00 i Sognahallen. 

Det er 130 plasser tilgjengeleg.

Påmelding trykk her 

Søskenrabatt: - 20% 

Instruktørar for fotballskulen vil i hovudsak bestå av trenarar frå SogndalAkademiet, spelarar frå A-laget og Sogndal 2. Me skal læra mykje, men fyst å fremst skal me ha det frykteleg moro saman. 

Stao no pao!
 

Annonse fra Obos-ligaen: