To nye år med COOP Nordvest

Coop Nordvest SA satsar på lokalmat og på Sogndal Fotball

Coop Nordvest AS og Sogndal Fotball har fornya sitt samarbeid med to nye år.

- Det er veldig kjekt å samarbeide med bedrifter som satsar på lokal verdiskaping, seier sals- og partneransvarleg i Sogndal Fotball Terje Teigen.

På biletet over står Teigen i lag med Ronny Sørbotten (marknadssjef Coop Nordvest SA), Bård Terje Skogland (butikksjef COOP Extra Sjøkanten) og trenar Tore André Flo. 

I tillegg til at Coop Nordvest SA er ein støttespelar for lokal idrett, satsar dei tungt på lokale produsentar av mat som igjen gjev økonomi og gode arbeidsplassar i distrikta.

CoopSokkarLED (2).jpg
Dei neste to åra skal Sogndal Fotball spele med COOP–logo på sokkane sine.

- Me er veldig glade for me har fått til dette samarbeidet med Sogndal Fotball, smiler Ronny Sørbotten, marknadssjef i Coop Nordvest SA. Han anbefalar óg alle å ta ein kikk den nyaste inspirasjonsavisa deira, Norske tradisjonar til kvardags og fest!

I avisa kan du lesa om lokalmat og drikke til kvardag og fest. Du får óg eit innblikk i Haugen Gardsmat i Flåm og Haugsfrukt i Lærdal, som er nokre av alle dei flotte produsentane som leverer til Coop Nordvest sine butikkar.

Sjokanten1.jpg
Hos Coop Extra på Sjøkanten i Sogndal finn du og supporterartiklar til bruk på kamp.

Sogndal Fotball ser fram til eit vidare godt samarbeid med ein aktør som set berekraft og miljøvennleg ressursutnytting på dagsorden.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: