Tobias på utlån

Bjørnebye håpar på speletid for Hødd i Post Nord-ligaen

Sogndal Fotball og Hødd er samde om ein utlånsavtale for Tobias Bjørnebye.

I første omgang varar avtalen til og med 8. september.

Overgangsvindauget er stengt, men denne låneavtalen kjem under Nasjonal Utlånsordning for spelarar i alderen 18-22 år. Les meir om dette her.

Tobias reiste til Ulsteinvik på måndag, og har vore med på treningane denne veka.

Tobias er tilbake på Høddvoll ein periode.
Tobias er tilbake på Høddvoll ein periode.

- Det var veldig kjekt å sjå gutane att! Eg likte meg veldig godt her då eg var her sist, seier Tobias.

Den unge trøndaren kan få redebuten i den blå drakta allereie på laurdag. Då skal Hødd spela mot Mathias Sundberg og Tromsdalen i Troms.

- For Tobias er det viktig å få ein god kampkvardag for å sikra han ein vidare god utvikling, seier Håvard Flo.

- Eg håpar å få spelt mange kampar mens eg er i Hødd, slik at eg kjem tilbake til Sogndal matchfit og nærare kampar i kvitedrakta, seier Tobias.

- Det er positivt at Tobias tek denne sjansen som vil gi han mykje og god speletid i ein tøff Post Nord-liga. Han kjem til ein klubb han kjenner godt frå før og me ynskjer han lukke til - og så gler me oss til han kjem tilbake til Fosshaugane, avsluttar Håvard Flo.

Lukke til på Hødd, Tobias!

Tobias1
Klar til innsats for Hødd

 

Annonse fra Obos-ligaen: