Tomas går til Tromsø

Etter 3,5 år i Sogndal vert det Eliteseriespel på Totland

Tromsø IL og Sogndal Fotball er samde om ein overgang for Tomas Totland.

Nyopprykka Tromsø ynskjer bergensaren med på laget, og kjøper no Tomas, som hadde kontrakt ut året med Sogndal.

- Tida mi i Sogndal har vore fantastisk, og dette har vore ein periode i livet mitt eg ikkje ville vore forutan. Eg har lært utruleg mykje av å vera her og Sogndal har hatt stor betydning for den utviklinga eg har hatt, fortel Tomas, som legg til at han har blitt veldig glad i klubben og bygda.

Tomas kom til oss somaren 2017 frå Fana. Han spelte åtte kampar for Sogndal 2 denne hausten, tilsaman vart det seksten kampar for andrelaget.

I 2018 fekk han debuten i OBOS-ligaen, borte mot Mjøndalen, 81 kampar spelte han for laget til Eirik Bakke, som no kan ynskje Tomas lukke til vidare i Tromsø.


- Tomas har hatt ein veldig fin utviklingskurve her hjå oss, og dei siste åra har han levert solide bidrag, seier Håvard Flo,

- I 2020-sesongen stod han fram som veldig toneangivande på venstresida vår, og me ville gjerne ha han med oss vidare. Me har hatt fine samtalar med Tomas, som óg har uttrykt ynskje om å ta nye steg i karrieren.

Det ligg i klubben sin filosofi å leggja til rette for at spelarane kan ta nye steg når tida er inne for dette, når så  Eliteserie-laget Tromsø kjem på bana og gjerne vil ha med Tomas som i år er på utgåande kontrakt, gler me oss over at me kan ynskje Tomas lukke til vidare.

- Etter 3,5 år i Sogndal kan eg reisa herfra med mange gode minner. Eg har fått vener for livet her og kjem alltid til å tenkje på tida i Sogndal med eit smil om munnen, seier Tomas - som har eitt spesielt minne han vil trekkja fram når me spør om kva som har vore det aller kjekkaste her hjå oss.

Tomas var med på å vinna NM og Skandinavisk Meisterskap med G19-laget vårt.

- Både NM-finalen og turane til Gøteborg der me til slutt vann Skandinavisk var store opplevingar og noko eg trur også har betydd mykje for både klubben og bygda.

Med A-laget var det kjekt å få debutera i OBOS-ligaen, og Tomas var godt nøgd med sesongen i fjor.

- 2020-sesongen har også vært ekstra spesiell, der me i perioder spelte skikkeleg flott fotball - det var veldig kjekt, seier Tomas.

Han har trua på at me kjem til å levera ein god sesong i år.

- Eg trur Sogndal kjem til å ta med seg mykje erfaring fra fjorårets sesong og byggje vidare på det, og så trur eg dei kjem til å kjempa i toppen om opprykk og vera betre rusta i år enn i fjor, slik at me kan møtast i Eliteserien neste år, smiler Tomas.

No reiser han til ein ny del av landet, og gler seg til å oppleva nye ting.

- Først og fremst blir det å reisa til Tromsø og finna seg litt til rette, bli kjent med laget og folka rundt laget. Det blir veldig spennande å koma seg til ei ny spelargruppe og et nytt miljø. Eg gler meg veldig, avsluttar Tomas.

Tusen takk for veldig fine år i lag med deg, Tomas, og lukke til vidare!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: