Tomas klar for Åsane

Kristoffersen har signert for bergensarane

Sogndal Fotball og Åsane Fotball er samde om ein overgang for Tomas Kristoffersen.

Midtbanespelaren har signert ein avtale fram til somaren 2022 for dei oransje, som han spelte 30 kampar for i 2018.

Les om overgangen på heimesida til Åsane

Tomas kom til Sogndal frå Tromsdalen i august 2019, og han spelte tilsaman 41 kampar og skåra to mål i Kvitedrakta.

- Det er ikkje lett å ta farvel med Tomas, seier Håvard Flo

- Han har vore her i litt meir enn halvtanna år og det er ein fantastisk gut som no skal fortsetja karrieren sin i Bergen, seier Flo.

Som visekaptein var Tomas ein leiartype i gjengen.

- Eg har hatt ei kjempefin tid i Sogndal, og er veldig glad i både klubben og bygda, seier Tomas, som no i ettermiddag signerte papira for Åsane.

- Eg trur at Sogndal vil vera med og kjempa heilt i toppen i år, og eg ser fram til å møta gjengen att i seriekampane, seier Tomas.

- Tomas har vore ein inspirator og leiar i denne unge gruppa vår, seier Flo.

Då det vart litt for lite speletid for Tomas, valde klubb og spelar å gå kvar sin veg no.

- Tomas må vera på bana, det vart det litt for lite av her i fjor, og han var veldig tydeleg på at Åsane var ein klubb han er veldig motivert for å fortsetje karrieren sin i. Han kjenner klubben godt frå før, avsluttar Flo.

Me takkar Tomas for den fine tida me fekk i lag, og ønskjer han masse lukke til vidare.

Annonse fra Obos-ligaen: