- Travelt og veldig kjekt!

Utviklingsavdelinga har ein spennande sesong i vente

Førstkomande laurdag klokka 11:00 skal G19-laget vårt i aksjon med den første kampen for sesongen. Kampen går i Sognahallen, Haugesund er motstandar i Nasjonal serie og sesongen er då i gang.

- Me ser fram mot sesongen 2023 med stor entusiasme, seier ein energisk utviklingssjef Erling Ola Fykse.

- Sogndal Fotball vil spela rekordmange kampar på høgt nivå der spelarane våre får gode referansar på den nasjonale arena.

Dei siste åra har Sogndal Fotball Utvkling blitt stadig større, og det er eit yrande liv både på kontoret og på treningsfeltet. Erling Ola og kompani har mange lag i elden dette året.

I samarbeid med kretsen har me med to lag i Kretslagsserien, G13 og G14.

Her vil dei vera med i NTF-turneringar, spela ordinære kretskampar og ha treningssamlingar.

Martin Natvig er trenar for G13-laget. Han har med seg Jesper Romsdalen, Adam Suldrup, Aleksander Lekva og Kristoffer Duesund i trenarteamet.

Martin Natvig
Martin Natvig

- Dette er ein spennande gjeng å jobba med, og me satsar på fin framgang i løpet av året, seier Martin.

Morten Olsen er trenar for G14-laget i lag med Per Einald Aspevik og Tom Rune Kongelf.

- Dette er ei veldig fin gruppe som har det kjekt sosialt, det er ein gjeng som høyrast. Me vil utvikla oss vidare og ha mykje moro i år, seier Morten.

Morten Olsen
Morten Olsen

Deltaking i nasjonalt seriespel
Erling Ola gler seg til seriespelet tek til for NG15, NG17 og NG19, samt Sogndal2 som i år skal spela i Norsk Tipping-ligaen.

- Utviklingsavdelinga ser fram mot at det startar opp og at vår spelemodell og vårt konsept får festa seg godt i dei nasjonale kampane. Dette blir veldig spennande. Det jobbast godt, og me kjem til å bita godt frå oss, seier Erlig Ola.

Erling Ola Fykse
Erling Ola Fykse

Nasjonal G15- laget skal bryna seg på tøff motstand og er i gruppe med Odd, Sandefjord, Start og Vålerenga.

OBOS Nasjonal G15 år Gruppe D

Trenarteamet består av ingen ringare enn Tommy Øren, Miguel Seva, Asle Hillestad og Håvard Hetle, og deira første kamp går på Fosshaugane Campus 2. april klokka 12:00.
 

Tommy Øren
Tommy Øren

- Det er veldig inspirerande og utviklande for våre 15-åringar å få matcha seg mot slik god motstand me vil møta i desse kampane, seier Tommy Øren. 

- Me har ei kjempefin og spennande gruppe å jobba med, og hovudfokuset vårt er at gutane skal utvikla seg både som fotballspelarar og menneske, fortel han.

Nasjonal G17-laget vårt har serieopning på Briskeby mot HamKam 1. april. Det er ei spennande gruppe, og me skal møta Brann, Bryne, HamKam, KFUM, Kongsvinger, Sandnes Ulf, Skeid og Åsane.

OBOS Nasjonal G17 - 2. divisjon avd. A

Det er Patrik Karoliussen, Kjetil Sønnesyn og Miguel Seva som har dette laget.

Miguel Seva
Miguel Seva

- Me ser fram til å møta mange gode lag på eit høgt nasjonalt nivå. Me er stolte over å vera ein del av denne fine gjengen med solide og inspirerande spelarar. Dette gler me oss til, seier Miguel Seva.

NG19-laget vårt skal i aksjon allereie i morgon i Sognahallen. Haugesund har reist opp langs kysten, Avspark er klokka 11:00. I tillegg består gruppa av Viking og Brann.

OBOS Nasjonal G19 CL avd. B

Det er parhestane Tommy Øren og Patrik Karoliussen som har dette laget.

- Dette blir ein flott arena for våre nest beste, og me ønskjer ei vidareføring av den jobben me starta på i fjor der denne gjengen viste ei veldig fin utvikling, seier Patrik. Han ser fram til at gruppa tek nye steg denne sesongen.

Patrik Karoliussen
Patrik Karoliussen

 

Opprykkslaget Sogndal2 er tilbake i 3. divisjon, og me gler oss til å sjå mange spennande kampar i Norsk Tipping-ligaen. Sesongstart er heime på Fosshaugane Campus 11. april.

Norsk Tipping-Ligaen avd. 2

Nils Tore Krosshaug, Martin Natvig og keepertrenar Leif Lysne har med seg gode støttespelarar i Morten Rødstadbotten, Bjørn Skjeldestad og Albert Olav Fedje.

- Opprykket i fjor var særs viktig med tanke på den unge spelargruppa. Frå eit utviklingsperspektiv er det "øye bra" at me skal spela i Norsk Tipping-ligaen att, då dette er ein kjempefin arena. Me har eit veldig godt team rundt laget med både unge krefter og karar med meir rutine - saman skal me dra dette mot utvikling på forskjellig vis, seier Krossen.

Nils Tore Krosshaug
Nils Tore Krosshaug

Me kjem med ein nærare presentasjon av Sogndal2 ved eit seinare høve.

I tillegg til den nasjonale serien skal G16 og G19 i NM kvalik gjennom Vinterserien.

Skarpt fokus mot Akademiklassifiseringa

Før jul kom Akademiklassifiseringsrapporten 2022. Det var ein stor dag for Sogndal Fotball då ein skåra høgare enn nokon gong og oppnådde tre stjerner. Erling Ola og gjengen har ikkje lagt seg til for å kvila på laurbera, snarare tvet i mot.

Akademiklassifiseringsrapporten 2022

- Me har i tillegg til det daglege rundt laga eit skarpt fokus mot vidareutvikling av områder innafor Akademiklassifiseringa, og vil legga tilrette for individuell utvikling av spelarane.

- Dette blir eit travelt og veldig kjekt år, avsluttar Fykse.

Annonse fra Obos-ligaen: