Trenaroppfølging og demoøkt!

I forbindelse med lagløftet i «Jenter vil Mer» prosjektet, møtte Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer representantar frå Syril til trenarforum i forkant av ei demoøkt for Syril-spelarar i Sognahallen. Samlinga vart ei flott idéutveksling på korleis ein kan legge opp gode økter.

Trenarforumet vart innleia av prosjektleiarane Kristian Ask (Sogndal Fotball) og Marianne Mellesdal (Sogndal FK Damer) ved ein kort presentasjon av prosjektet og status i samarbeidet med Syril sålangt. Vidare tok Martin Natvig over, hovudtrenar for Sogndal FK Damer som gav ein informativ presentasjon om differensiering, belastningsstyring, skadeforebygging og korleis toppsatsinga organisera sine økter. Det vart gode diskusjonar rundt bordet, der Jan Tore Slinde, assistent Sogndal FK Damer og tidlegare Syril-legende også kopla seg på.

Sjølv med ei svært vellukka trenarsamling, må ein likevel seie at høgdepunktet kom i Sognahallen, når over 30 spelarar fekk vera med på ei demoøkt med dei dyktige trenarane frå Sogndal FK Damer. Hovudtrenaren sjølv omtalar det heile som ei kjekk trening i lag med motiverte og blide jenter!

Takk Syril og godt jobba Martin, Marianne og Jan Tore!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: