Treninghelg i Sogndal før ny sesong!

Sogndal Fotball tilbyr profesjonelle treningshelgar for ditt lag

Planlegginga av 2026 er allereie godt i gang for dei fleste klubbar, og ein viktig del av planen er korleis ein skal få ei best mogleg sesongoppkøyring. I perioden mellom januar og april tilbyr me tilrettelagde treninghelger for ditt lag med perfekte treningsforhold i Sognahallen!

Sognahallen stod ferdig i 1998 og har fotballbane med internasjonale mål, 104x64 meter. Det vart lagt nytt dekke av beste sort sommaren 2023. I vinterhalvåret kan ein trene både tørt og varmt inne i hallen sjølv om snø og is hindrar utandørs aktivitet. Sogndal Fotball kan tilby ei treningshelg av ypparleg kvalitet for både elite- og breiddefotball. Ein vil også kunne nytte seg av fasilitetane hjå Idrettssenteret med blant anna eit moderne treningsstudio, klatreveggar, gamingrom og mykje meir!

Forslag til opplegg me kan tilby:

  • Torsdag: Ankomst Sogndal og moglegheit for trening i Sognahallen
  • Fredag: Trening i Sognahallen eller treningskamp + sosial samling på Quality Hotel
  • Laurdag: Treningskamp eller trening + tilgang til idrettssenteret på Fosshaugane Campus
  • Søndag: Trening i Sognahallen

Få pristilbod på hotell og alternativ overnatting ved å kontakte Ørjan Hjellhaug.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: