Treninghelg i Sogndal før ny sesong

Sogndal Fotball tilbyr treningshelgar i Sognahallen for lag både i elite- og breiddefotballen.

Planlegginga av 2026 er allereie godt i gang for dei fleste klubbar, og ein viktig del av planen er korleis ein skal få ei best mogleg sesongoppkøyring.

I perioden januar til april tilbyr me tilrettelagde treninghelger for ditt lag, både elite- og breiddefotball, med perfekte treningsforhold i Sognahallen:

  • Fotballbane med internasjonale mål, 104x64 meter.
  • Nytt dekke av beste sort sommaren 2023.
  • Trene tørt og varmt inne i hallen i vinterhalvåret når snø og is hindrar utandørs aktivitet.
  • Nytte seg av fasilitetane hjå Idrettssenteret med blant anna eit moderne treningsstudio, klatreveggar, gamingrom og mykje meir!

Forslag til opplegg me kan tilby:

  • Torsdag: Ankomst Sogndal og moglegheit for trening i Sognahallen
  • Fredag: Trening i Sognahallen eller treningskamp + sosial samling på Quality Hotel
  • Laurdag: Treningskamp eller trening + tilgang til idrettssenteret på Fosshaugane Campus
  • Søndag: Trening i Sognahallen

Få pristilbod på hotell og alternativ overnatting ved å kontakte Ørjan Hjellhaug.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: