Treningshelg i Sogndal: Besøk av Øygarden

Øygarden FK var ein av klubbane som var på treningssamling i Sogndal denne helga!

I helga var det Fjellsportfestival i Sogndal, men også stor aktivitet på Fosshaugane Campus med besøk av 3 klubbar.

Øygarden sitt herre og damelag var på treningshelg 23.-26. februar med totalt 42 personar som budde på Quality Sogndal Hotel. Dette er eit tilbod me tilbyr klubbar som ønskjer ein treningssamling med gode baneforhold inne i Sognahallen gjennom vintermånadane.

Tidlegare superspiss i Sogndal, Kim Rune Hellesund (no dagleg leiar i Øygarden), seier at fasilitetane på Campus og på hotellet er av meget høg klasse. Å få trene på nytt kunstgras i Sognahallen, samt slappe av på flotte hotellrom og god mat er dei viktigaste elementa for å få eit godt treningsopphald.

I tillegg til treningar spelte både herre og damelaget kvar sin treningskamp under opphaldet. Øygarden dame slo Sogndal dame 3-2 i ein jamn og god fotballkamp søndag føremiddag. Øygarden herre spelte mot Kaupanger og vann også 3-2 i ein fartsfylt kamp søndag ettermiddag.

Me takkar Øygarden for besøket og ynskjer dykk lukke til med sesongen!

I tillegg til desse kampane spelte våre Nasjonale G14 og G15 treningskampar i Sognahallen på laurdag:

  • Sogndal NG14 – Åsane NG14  0-1
  • Sogndal NG15 – Hødd NG15  3-3

Det er kjekt å sjå mykje aktivitet i Sognahallen, og me vil takke alle dei som legg ned ein stor innsats for gjennomføring av arrangementa! Utan dykk hadde det ikkje vore mogleg. Tusen takk!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: