
Treningskamp 2025: Brann - Sogndal
Me møter Brann på Åsane Arena i årets nest siste treningskamp A-laget
Brann - Sogndal
-
Laurdag 15. mars kl. 15:00
-
Åsane Arena
-
Treningskamp 2025
Våren tek sakte men sikkert over for vinteren, og det nermar seg seriestart. Måndag 31. mars sparkast årets sesong i gang på Sør Arena mot Start. Før den tid gjenstår det to treningskampar mot Brann og Åsane på Åsane Arena. Luis Pimenta og teamet skal legge inn dei siste førebuingane før dei er klare for OBOS-ligaen 2025!
Brann har dei siste sesongane vore eit av Norges beste lag. Etter nachspielskandale og nedrykk i 2021 tok Eirik Horneland over skuta og satte i gang ein imponerande snuoperasjon. Opprykk på fyrste forsøk i 2022 vart fulgt opp med 2. plass i Eliteserien to år på rad. Rogalendingen har no reist vidare til Frankrike, og spelartroppen har også gjennomgått litt endringar. Islandske Freyr Alexandersson er deira nye hovudtrenar, og forventningane er som vanleg høge i Bergen. Det er ingen tvil om at me får ein solid test, og me gler oss til kamp.
Erik Flataker scora mot Stabæk, og står no med 3 scoringar totalt i oppkøyringa. Me tok ein prat for å høyre korleis status er med 2 kampar igjen før seriestart:
Stemninga i gruppa er meget god, og det mykje latter i garderoben. I dag fekk Erik verkeleg teste seg ved intervjuveggen når resten av karadn bestemte seg for å tulle. Sjå litt av det som måtte klippast vekk her:
Kampen spelast på Åsane Arena, og me håpar sjølvsagt det kjem mange supportarar i svart og kvitt i morgon. Det er mange trufaste supportarar i Bergen, og me set stor pris på om de møter opp. For dei som ikkje kan ta turen er det Bergens Tidende som sender kampen. Dei tilhøyrer Schibsted-konsernet, og går under same abonnement som t.d. VG.
STAO NO PAO!