Treningskamp 2025: Sogndal - Hødd

Den fyrste kampen i ei innhaldsrik veke spelast heime mot Marius Bøe sitt Hødd!

Sogndal - Hødd

  • Onsdag 26. februar kl. 13:00

  • Sognahallen

  • Treningskamp 2025

Det enda uavgjort i ein god kamp mot Lyn på laurdag, og allereie i morgon kjem den neste treningskampen! Marius Bøe og Hødd kjem på besøk til Sogndal, og me gler oss til ein ny test i Sognahallen!

Om Hødd

Hødd frå Ulsteinvik er eit av laga som har rykka opp frå PostNord-ligaen, og dei er altså tilbake i OBOS-ligaen etter nedrykket i 2023. Marius Bøe vart tilsett som hovudtrenar i byrjinga av 2024, og rykka opp på fyrste forsøk frå ei tøff avdeling. Etter 26 spelte kampar vann dei avdelinga med 10 poeng ned til Jerv på andreplass, i tillegg til å ha klart best målskilnad. Robin Hjelmeseth sine 11 mål gjorde han til lagets toppscorar, og Elias Myrlid fulgte like bak med 9 mål. No er dei klare for å å bite frå seg i OBOS-ligaen.

Sist me møtte Hødd var i oppkøyringa til fjorårets sesong. Kampen i solskinet på Høddvoll enda med 2-0-siger til heimelaget, og det vart ikkje ei god oppleving for oss. Starten på oppkøyringa under Pimenta har vore god, og me har god tru på at karadn skal få ein god kamp mot Hødd i morgon. Troppen består av mange unge lokale spelarar som har hatt ei viktig rolle i laget under Pimenta!

Lukass Vapne
Den Latviske landslagsspelaren Lukass Vapne er vår nyaste signering!

Nysignering

Lukass Vapne, f. 31. august 2003, er vår nye midtbanespelar. Han har signert på ei låneavtale ut sesongen, og avtala inkluderer opsjon på kjøp. Lukass blir omtala som eit av Latvia sine største talent og har allereie spelt 8 kampar for deira A-landslag. Hovudtrenar Luis Pimenta omtalar han som ein fleksibel midtbanespelar med stort potensiale:

- Lukass er ein spelar som har eit potensiale til å bli ein ganske komplett midtbanespelar. Me spelar i ein formasjon med fire midtbanespelarar, og han kan med god utvikling bli veldig god i alle dei tre rollene. Han er fleksibel, men må utvikle ulike område i dei ulike rollene. Dette er utan tvil ei veldig god signering av klubben, så cred til Terje [Skjeldestad] og Håvard [Flo] som har jobba bra for å få dette i hamn.

Les meir om signeringa av Lukass Vapne her!

Kampen spelast på eit tidspunkt der mange er på skule og jobb, men me håpar at alle som har moglegheit tek turen. Kampen visast også på Sogn Avis for dei som ikkje kjem seg til Sognahallen i morgon!

Sjå kampen her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: