Treningskamp 2025: Sogndal - Lyn

Karadn er tilbake i Norge og klare for treningskamp mot OBOS-motstand!

Sogndal - Lyn

  • Laurdag 22. februar kl. 13:00

  • Sognahallen

  • Treningskamp 2025

Karadn er heime frå treningsleiren og tek med seg mange gode treningar, kjekke opplevingar og ikkje minst gode treningskampar. Det enda med eit knepent tap mot Tromsø og eit sterkt resultat mot ukrainske Kryvbas. No er det Lyn som er neste motstandar, og me håpar å sjå dykk på kamp!

Oppsummering av treningsleiren

Treningsleiren i Spania er ein viktig del av oppkøyringa. Ein får mange gode treningar som skal legge grunnlaget for sesongen, både fysisk og taktisk. I tillegg er det ein viktig tur sosialt for å bli endå betre kjende, og å bygge gode relasjonar på tvers av både spelargruppe og trenarapparat. I løpet av opphaldet fekk ein også to gode treningskampar mot sterk motstand.

Den fyrste kampen mot Tromsø enda med eit knepent tap på overtid. Erik Flataker sendte oss i føringa i fyrsteomgang, medan Tromsø scora på overtid av begge omgangar. Ein fekk jobba mykje med defensiv struktur og det var mange av våre unge lokale som fekk teste seg. I kampen mot Kryvbas slapp ein inn to mål i fyrsteomgang, men klarte å kjempe seg tilbake etter pausen. Emmanuel Mensah og Vegard Hagen sørga for 2-2, og kampen gav gode svar. Me har tatt ein prat med hovudtrenar Luis Pimenta og midtbanespelar Vegard Hagen:



Status på troppen

Karadn er tilbake på treningsfeltet i Sognahallen, og dei siste førebuingane mot ny kamp blir gjort. Det er fleire spelarar som endå ikkje har vore i kamptropp denne sesongen, og me har tatt ein prat med fysioterapeut Vegard Bjørklund for å få ein oppdatering på korleis spelartroppen ser ut før neste fase av oppkøyringa:


Om Lyn

Lyn er ein motstandar me kjenner godt frå OBOS-ligaen. Historisk er det ein av dei største og mest tradisjonsrike fotballklubbane i landet, og dei har vunne 2 seriemeisterskap og 8 cupmeisterskap. I 2010 gjekk det derimot gale. Klubben vart slått konkurs etter mange år med økonomiske problem og måtte byrje på nytt i 6. divisjon. I tida etter konkursen har dei sakte, men sikkert, jobba seg tilbake til Norsk Toppfotball. I 2022 rykka dei opp frå 3. divisjon og i 2023 var opprykket til OBOS-ligaen endeleg eit faktum. Egersund vant avdelinga på målskilnad, men Lyn rykka opp etter å ha vunne kvalifiseringa mot Tromsdalen og Hødd.

Det er Jan Halvor Halvorsen som har tatt Lyn tilbake til toppen av Norsk fotball. Han vart tilsett i 2022 og leverte to opprykk på rappen. I fjor enda dei på ein imponerande 5. plass, og skulle spele kvalifisering om opprykk til Eliteserien. Kongsvinger trakk det lengste strået, og Lyn er klare for ein ny sesong i OBOS-ligaen. Andreas Bjørntvedt Olsen var toppscorar med 11 mål i fjor.

Diogo Brás er klar for Sogndal!
Diogo Brás er klar for Sogndal!

Nysignering

Portugisiske Diogo Brás, f. 16. mars 2000, er vår nye høgreback. Han var med på årets treningsleir og har allereie spelt to treningskampar i den kvite drakta. På laurdag kjem fyrste moglegheit for å sjå han live i Sognahallen.

- Diogo er ein skulert spelar, med veldig god taktisk forståing. Han har eit veldig bra teknisk nivå, og ein offensivitet som er bra for laget spesielt sidan me spelar utan kantspelarar. Han har eit bra teknisk nivå på både innlegg, skot og kombinasjonsspel som kan gi oss noko ekstra, fortalte hovudtrenar Luis Pimenta i går.

Les meir om Diogo Brás her!

Karadn er klare for ein ny god test på laurdag, og me får no sett korleis me står mot lag frå same divisjon. Kampen spelast inne i Sognahallen, og me håpar å sjå deg der. Kampen blir også sendt av Sogn Avis/Direktesport for dei som ikkje kan komme på kamp!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: