
Treningskamp 2025: Sogndal - Lysekloster
Det er klart for årets fyrste kamp i Sognahallen! A-laget
Sogndal - Lysekloster
-
Laurdag 18. januar kl. 15:00
-
Sognahallen
-
Treningskamp 2025
Endeleg er det tid for treningskampar! Ventetida frå siste seriekamp føles alltid lang, men no er me klare for årets fyrste kamp i Sognahallen! Det er Lysekloster som kjem på besøk, og me håpar å sjå deg på kamp på laurdag!
Lysekloster spelar i PostNord-ligaen (2. divisjon), og held til på Os sør for Bergen. I 2024 enda dei på ein imponerande 5. plass i ligaen, og det er absolutt eit sterkt lag som blir vår fyrste motstandar i 2025. Laget blir leia av Ruben Hetlevik og rutinerte Alexander Dang var toppscorar for "munkene" i fjor. Mange hugsar sikkert også at dei vart slått ut av KFUM i cupen etter å ha spelt seg fram til 4. runde, og var mykje omtalt i media då dei leverte inn ein protest i etterkant. Det enda som kjent med at protesten ikkje vart tatt til følgje, men no får me endeleg svaret på kven som hadde vunne ein eventuell kamp mellom Sogndal og Lysekloster.
Sist me møtte Lysekloster var i 2023, og det vart ein jamn kamp i den 2. runden av NM. Kristoffer Nessø sendte oss i føringa tidleg i kampen, men heimelaget utlikna berre 4 minutt etter. Etter 90 minutt stod det framleis 1-1, og det gjekk til ekstraomgangar. Der var det Jonatan Jonsson som scora det avgjerande målet, men det vart ein spennande slutt når Isaac Twum vart utvist og Lysekloster la inn sluttspurten. Me håpar på ein spennande kamp også på laurdag.

Det var godt å sjå karadn tilbake på feltet førre veke, og det er ein motivert gjeng som har byrja oppkøyringa. Ved oppstarten var det også nokre nye fjes me endeleg fekk sjå i aksjon. Hovudtrenar Luis Pimenta og assistenttrenar Miguel Barata hadde begge sine fyrste treningar i ny klubb. I tillegg fekk me endeleg sjå Jamal Haruna i Sogndalklede etter overgangen i fjor sommar. No er dei alle klare for den fyrste treningskampen på laurdag.

Hovudtrenar Luis Pimenta
Martin Salbu

Assistenttrenar Miguel Barata
Martin Salbu

Midtstoppar Jamal Haruna
Martin Salbu
Denne veka kom årets fyrste signering, og me er endeleg i gang med den spennande tida fram mot seriestart. Midtbanespelaren Vegard Hagen har meldt overgang frå SK Brann og signert ein avtale som strekkjer seg ut 2026-sesongen. Dei siste sesongane har han vore visekaptein og ei viktig brikke i eit imponerande Brann 2-lag. Me gler oss veldig til å sjå han i aksjon i kvit drakt! Den fyrste sjansen kjem allereie no på laurdag, og me håpar å sjå deg der!

Den siste veka har karadn kome godt i gang med oppkøyringa, og det er ikkje berre kjente fjes ein har sett på feltet sidan oppstarten. Høgreback Henrik Flagtvedt frå Sandviken er for tida på prøvespel, og blir ein del av troppen som møter Lysekloster på laurdag. Han gjorde ein god sesong for Sandviken i fjor og var med på å rykke opp til 2. divisjon for dei kvite og raude. Mot Lysekloster får han også prøve seg i kamp, og me håpar å sjå deg der!

Det er gratis inngang på laurdag, og me håpar å sjå deg i Sognahallen. Luis Pimenta er klar for sin fyrste kamp som Sogndaltrenar, Vegard Hagen og Jamal Haruna kan få debuten i kvit drakt og me får endeleg møtet vårt mot Lysekloster! Velkommen til Sognahallen og årets fyrste kamp!
STAO NO PAO!