
Treningskamp 2025: Sogndal - Stabæk
Me møter Stabæk i Valdres Storhall A-laget
Stabæk - Sogndal
-
Laurdag 8. mars kl. 14:00
-
Valdres Storhall
-
Treningskampar 2025
Etter ein god prestasjon mot Aalesund er det Stabæk som står på motsett banehalvdel på laurdag! Me møtast i Valdres Storhall på Leira og håpar sjølvsagt at våre trufaste supportarar i området dukkar opp!
Stabæk er eit lag me kjenner godt frå OBOS-ligaen, og dei skal alltid vere med å kjempe om opprykk. Foreløpig siste sesong på øvste nivå var i 2023, og fyrste forsøk på opprykk enda med ein skuffande 7. plass og ingen kvalikk. Det var amerikanske Bob Bradley som byrja sesongen som sjef, men Bjørn Helge Riise vart henta inn som ein midlertidig erstattar frå september. I år er det svenske Jörgen Wålemark som skal leie laget, og Riise er med i trenarteamet. Wålemark er for mange mest kjend frå tida i Raufoss, fyrst som assistent for Christian Johnsen og seinare hovudtrenar. Forventningane er at Stabæk skal vere med i toppen også i 2025, og me får ein tøff test på laurdag.
Stabæk har eit av dei mest imponerande akademia i landet, og det er mange unge talent som har fått gjennombrotet sitt der. Dei kan vise til mange aldersbestemte landslagsspelarar, og har i tillegg god rutine i laget. Oskar Spiten-Nysæter og Sebastian Olderheim er to av dei som utmerka seg litt ekstra og fekk pris som månedens unge spelar i fjor. På toppscorarlista var det Bassekou Diabaté som toppa med 16 scoringar. I tillegg får me eit kjekt gjensyn med Andreas Hoven, som reiste frå oss i fjor sommar.
Kent Fimreite i Hallo Sogn Streaming- og videotenester tok ein prat med Patrik Karoliussen etter treninga i går. Høyr intervjuet under og abonner gjerne på kanalen hans under:
Daniel Gjerde Sætren har vore på landslagssamling med Norge G19. No er han og Mathias Øren tatt ut til nye kampar. Høyr kva han seier om landskampane og oppkøyringa til no. Me beklagar litt støy mot slutten av videoen:
Kampen blir diverre ikkje sendt nokon plass, men me skal oppdatere så godt som råd i våre eigne kanalar. Følg med i sosiale medium og her på heimesida undervegs og etter kampen!
STAO NO PAO!