Treningskamp mot Aalesund

Bakke sine menn får bryna seg mot nok eit Eliteserielag

Førstkommande laurdag klokka 12.00 skal me spela treningskamp mot det nyopprykka Eliteserie-laget Aalesund. Kampen går på Fosshaugane Campus.

I helga var Bakke sine menn i Molde og leverte ein flott treningskamp, og det er viktig at me får god matching no fram mot seriestart.

Det er kun personar som er nødvendige for avviklinga av treningskampen som får tilgang, då trenarar, støtteapparat og dommarar.  Antall personar til stades må ikkje oversiga 50.  Dette er bestemt på bakgrunn i smittevernsreglane, som er er gjeldande frå NFF sin treningsprotokoll.

Dette betyr at det ikkje er tilgang for media eller publikum på stadion.

Sogn Avis vil streama kampen, bak betalingsmur. Me kjem med info om sendestart.

Det er viktig for begge lag at Sogndal Fotball får gjennomført treningskampen og at det ikkje kjem publikum på Fosshaugane Campus. Me ber om forståing for noværande situasjon og kamparrangementet.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: