Treningskamp mot Aalesund i dag - her er laget!

Avspark klokka 12.00 - Sjå kampen på Sogn Avis

Då er me klare for vår første treningskamp på Fosshaugane Campus. I dag skal me spela mot Eliteserie-laget Aalesund.

Karane har ei fin treningsveke bak seg, og det er ein spelesugen gjeng som skal utpå der i dag.

Eirik Bakke og kompani har teke ut dette laget:

Håvard Hetle, Axel Kryger, Igoh Ogbu, Eirik Lereng, Daniel Eid, Sivert Mannsverk, Mathias Blårud, Tomas Totland, Badou, Akor, Andreas Hoven.

På benken har me desse kjekke karane:

Per Magnus Steiring, Sixten Jensen, Tobias Bjørnebye, Mathias Sundberg, Adrian Solberg, Eivind Helgesen og Kristoffer Hoven.

Det er kun personar som er nødvendige for avviklinga av treningskampen som får tilgang, då trenarar, støtteapparat og dommarar.  Antall personar til stades må ikkje oversiga 50.  Dette er bestemt på bakgrunn i smittevernsreglane, som er er gjeldande frå NFF sin treningsprotokoll.

Dette betyr at det ikkje er tilgang for publikum på stadion. Det er opna for begrensa tilgang frå Media.

Sogn Avis vil streama kampen, bak betalingsmur. Om du ikkje har innlogging til lokalavisa vår, anbefalar me eit prøveabonnement! Det kostar kun kr. 5,- for dei første fem vekene, og då kan du lesa om alt som skjer her i Sogn!

Gå inn her for å sjå kampen på Sogn Avis

Det er viktig for begge lag at Sogndal Fotball får gjennomført treningskampen og at det ikkje kjem publikum på Fosshaugane Campus. Me ber om forståing for noværande situasjon og kamparrangementet.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: