Treningskamp mot Aalesund: lagoppstillinga er klar!

Her er lagoppstillinga mot Aalesund!

Me er klare for ny treningskamp og årets fyrste ute på Fosshaugadn. Det er Aalesund som er på besøk, og Tore André har valgt ut dei 11 som startar kampen. Frå førre kamp mot Metalist er det berre ein endring: Isaac Twum kjem inn for Kristoffer Haukås Steinset som er på landslagssamling. Resten av laget ser slik ut:

Lagoppstilling Aalesund treningskamp (3).png
 

Edmund Baidoo er klar for sin fyrste kamp på Fosshaugadn og startar ute til høgre. Det er også fyrste kamp på Fosshaugadn for både Martin Høyland og Felix Eriksson, så det er fleire nye fjes å sjå om ein tek turen i dag. Om ein ikkje kjem seg til stadion kan kampen sjåast på Sogn Avis/Direktesport.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: